Noverande ordførar Erik Skjervagen (Ap) kan bli einaste ordførarkandidat ved lokalvalet i Fyresdal i Telemark neste haust. Dei andre partia slit med å finne kandidatar.
Både Senterpartiet og Bygdelista har store problem med å rekruttere kandidatar til sine lister, skriv NRK.no.
Ved førre val fekk Arbeidarpartiet reint fleirtal og Skjervagen håpar å gjenta suksessen. Men leiar av Bygdelista Saamund Gjerstad er uroa over situasjonen: – Ser ein på andre stader som har eittpartistyre, så er det ikkje slik vi vil ha det, seier han. (©NPK)