Heim Nyhende Etterlyser betre kvalitet på nynorsk-bøkene

Etterlyser betre kvalitet på nynorsk-bøkene

– Det er eit problem at nynorsklitteraturen ikkje er av betre kvalitet, seier biblioteksjef Bente Dammen i Osterøy.

 

Dammen har vore prosjektleiar for prosjektet Nye tider – Nynorsk som var eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteka i Nordhordland og LNK. Målet med prosjektet var å fremje lesing av nynorsklitteratur i Nordhordlandskommunane.

– Alle kommunane i prosjektet er nynorskkommunar og ligg i omlandet til Bergen der bokmål dominerer og spreier seg raskt. Difor vart dette prosjektet så viktig, seier Dammen.

No er prosjektet avslutta og sluttrapporten er klar. Trass i fleire positive resultat av prosjektet, erfarer ho nok ein gong at nynorsklitteraturen ikkje held den standarden ho skulle ønskje.

Les heile sluttrapporten her

– Og ikkje minst at dei nynorske barnebøkene har for kjedelege framsider, som ikkje fengar borna. Framsidene er jo dei som marknadsfører bøkene, her burde forlaga, og spesielt Samlaget, bli mykje sprekare. For formidlaren er det også viktig at framsida på boka ikkje skaper avstand til lesaren, men derimot fungerer som ein døropnar. Det finst hyggelege unntak, men det er få av dei slår ho fast og viser til at stadig fleire bøker burde bli omsett til nynorsk.

– Ta SVK av Roald Dahl til dømes, den skrik jo nesten etter å bli omsett til nynorsk. Tenk om Ragnar Hovland kunne gjort det.

Forlagsdirektør for barne – og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug meiner på si side det har vore ei positiv utvikling.

– Dei siste åra har me testa framsidene på barnebøkene på målgruppa, til dømes er bøkene om Mopp og Mikko testa på born i barnehagar. Den holdninga om at framsidene på barnebøkene ikkje fengar borna trur eg heng igjen frå kva mange hugsar igjen frå før, seier ho og legg vekt på at det ikkje alltid har vore like bra.

– Me ser jo framleis at til dømes Komet-serien, som er ein serie med lettlest-bøker for born, heng igjen i den gamle tradisjonen. Innpakninga på bøkene er kjempeviktig, og som sagt er me mykje meir bevisste på korleis den ser ut no enn før, slår Trohaug fast.

Dammen legg også vekt på dei positive ringverknadane prosjektet har gitt.

– Me ser at prosjektet har gitt oss eit høgare utlån av nynorske bøker enn me elles hadde hatt. Det er tydeleg at me får resultat dersom me arbeider konsentrert med noko. Me har hatt mange ulike nynorsk-aktivitetar i biblioteka desse åra, seier Dammen og viser til produkt som kortspelet Kamp, ein eigen spå om nynorsk lyrikk og litteraturseminar for dei tilsette i biblioteka, der all nynorsk litteratur som var kome inn til biblioteka gjennom året vart presentert.

Kortspelet Kamp har vist seg å vere ein stor suksess rundt på skulane.

– Me har ein person no som reiser rundt med spelet her i Osterøy og presenterer det i klassane, det får me mange positive tilbakemeldingar på frå elevane.

Ho har framleis lyst til å arbeide med nynorsk litteratur i prosjektform.

– Då måtte det blitt noko med nynorsk lyrikk, eg las enormt mykje lyrikk då eg laga den nynorske spåen, duverda så mykje bra det er der ut. Tenk å samla alt dette på ein nettstad der ein kunne kategorisert lyrikken i kva som passar til ulike store livshendingar til dømes, me får jo mange spørsmål i biblioteka om kva som passar til bryllaup, dåp og så vidare.

Prosjektet Nye tider – Nynorsk! der åtte kommunar i Nordhordland har delteke starta i 2008 og vart avslutta i 2011. Prosjektet er også blitt støtta av Fritt Ord. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...