Heim Nyhende Etterlyser fagmiljø

Etterlyser fagmiljø


Leiar i Akademikarane, Knut Aarbakke, meiner kommunane må etablere større fagmiljø.

– Ei kartlegging blant medlemmene våre viser at det for mange akademikarar er særs viktig å ha eit visst fagmiljø rundt seg. Dei fleste ynskjer kollegaer dei kan diskutere saker med. Me trur manglande fagmiljø er ein viktig faktor når ein ikkje lukkast med å rekruttere kompetansearbeidskraft, seier Aarbakke.

Ifylgje Aarbakke er det å skape tilstrekkeleg store fagmiljø avgjerande for kommunar som slit med å få tak i kompetent arbeidskraft.

– Korleis ein gjer dette, kan sjølvsagt variere. Det er viktig å hugse på at medlemmene våre ikkje nødvendigvis etterlyser kollegaer med lik utdanning. Det dei saknar, er kollegaer med utdanning på same nivå.

– Mange kommunar har sett i gang ulike rekrutteringstiltak, som høgare startlønn eller tilgang på bustad. Fungerer slike tiltak?

– Dette er gode tiltak, som vil kunne ha ein god effekt. Men det er neppe nok. Me trur altså dei må supplerast med gode, stimulerande fagmiljø og leiarar som er opptekne av fagmiljø. Når ein har brukt år på å tileigne seg kunnskap, ynskjer ein som regel å bruke han. Og mange ynskjer å utvikle han i samarbeid med kollegaer, slår Aarbakke fast.

Store skilnadar

Anne-Cathrine Hjertaas er avdelingsdirektør for arbeidsgivarutvikling i KS og samd med Aarbakke i at det ligg ein stor gevinst i å utvikle gode fagmiljø i kommunane.

– Dersom kommunane skal klare å halde på dei med høgare utdanning, må dei tilby eit robust fagmiljø. Då må ein også leggje til rette for samarbeid mellom kommunane, slik at dei tilsette kan nyte godt av eit større miljø.

Hjertaas understrekar at det er store skilnadar mellom kommunane når det gjeld i kva grad ein manglar kompetent arbeidskraft, og kva slags kompetanse ein manglar. Ho meiner dette kan vere eit like stort problem i store kommunar som i mindre.

– Kommunen er ein stor arbeidsplass og har naturlegvis behov for eit breitt spekter av kompetanse. Men me ser at dei kommunane som jobbar strategisk med dette, også får resultat. Ein må tenkje på kva kompetanse ein treng om fem år.

Omdømmeprosjekt

KS har også sett i gang eit eige omdømmeprosjekt for å vise fram kommunane som attraktive arbeidsgivarar. Dei som var med i prosjektet i 2010, var kommunane Austrheim, Bærum, Fjell, Fredrikstad, Kongsberg, Lom og Vestvågøy, og i tillegg Møre og Romsdal fylkeskommune. Her blir det lagt vekt på grep som å lage ein god arbeidsgivarstrategi, levere gode tenester og å samarbeide med andre om å marknadsføre kommunen. KS tilbyr også eit eige praktikantprogram, som no utvida slik at tilsette i kommunar og fylkeskommunar kan delta. I 2009 vedtok KS ein eigen rekrutteringsstrategi. Strategien skal mellom anna hjelpe kommunane med å rekruttere unge og nyutdanna arbeidstakarar, redusere sjukefråværet og gi færre deltidsstillingar.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...