Talet på elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål har gått ned det siste året.
Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) syner at 13,18 prosent av elevane frå 1. til 10. klasse hadde nynorsk som hovudmålform i løpet av skuleåret 2009/2010. I 2008/2009 var talet på elevar med nynorsk som hovudmålform 13,35 prosent. For ti år sidan var talet 15,2 prosent. Prosentdelen har gått ned i alle fylka.
Tala for alle LNK-fylka:
2009/2010 | 2008/2009 | |
Oppland | 19,5 | 19,8 |
Buskerud | 2,9 | 3 |
Telemark | 11,9 | 13 |
Aust-Agder | 5.9 | 6,4 |
Vest-Agder | 3,4 | 3,5 |
Rogaland | 24,9 | 25,2 |
Hordaland | 40,1 | 40,5 |
Sogn og Fjordane | 97,2 | 97,1 |
Møre og Romsdal | 53,2 | 53,4 |
Alle tala finst på GSI.