Heim Nyhende Falturiltu får støtte frå Sparebanken Vest

Falturiltu får støtte frå Sparebanken Vest

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu får 100 000 kroner frå Sparebanken Vest. 

Festivalleiar Roald Kaldestad meiner sponsorstøtta betyr at ein kan få gjennomført den festivalen ein drøymer om, også i 2012.

– Det er ei fjør i hatten for festivalen, seier han og legg vekt på at barnebokfestivalen har eit behov for å bli meir synlege.

– Bakgrunnen for festivalen er å løfte fram den nynorske barnelitteraturen. I år vil me også formidle den på nye måtar, både med å blande litteratur og fotball, samt å arrangere låtskrivarkonkurranse, seier han og viser til at den nynorske barnelitteraturen har fostra mange store forfattarar som Einar Økland, Hans Sande, Rune Belsvik, og at tilveksten er god med forfattarar som Maria Parr og Terje Torkildsen.

Ragnar Hovland blir årets festivalforfattar.  Under festivalen er det opne førestillingar for born og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar, førestillingar og utstillingar.

Siren Sundland i Sparebanken Vest er imponert over programmet under festivalen og meiner Falturiltu er ein viktig arena for nynorsk barnelitteratur, men også for bygging av vestnorsk identitet og som aktør i samfunnsutviklinga.

– Me håpar pengane våre kan bidra til at ein kan gjennomføre den festivalen ein har planlagt, i tillegg håpar me å bidra med eit nettverk festivalen kan dra nytte av seier Sundland, og viser til at Sparebanken Vest blant anna er innvolverte i Litteraturhuset i Bergen og i litteratursymposiet i Odda.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...