Heim Nyhende Vil nedprioritere sidemålet

Vil nedprioritere sidemålet

– Det beste ein kan gjere for nynorsken er å dyrke kjerneområda, skriv masterstudent Kjell Arne Harneshaug i Morgenbladet. 

Harneshaug studerer statsvitskap ved NTNU og meiner ein må nedprioritere sidemålet i grunnskulen, og konsentrere seg om hovudmålet.

– Elevane i kjerneområda må oppfatte nynorsken som deira skriftspråk, og setjast i stand til å meistre han, skriv han.

Han meiner for det første at elevane i vidaregåande må halde fram med hovudmålet i norsktimane, i tillegg føreslår han to nye valemne, norske skrivemåtar det første året og sidemål det andre året.

– Det eine byggjer på det andre. Første året får elevane kunnskap om ulike skrivemåtar i norsk, og utprøving for å styrkje medvitet. Andre året får dei lære sidemål. Ekstra språkkompetanse bør sjølvsagt gje ekstrapoeng ved opptak til einskilde utdanningar, nett som realfagspoeng, meiner Haneshaug.

For det andre legg han vekt på at einskilde utdanningar bør krevje og utvikle språkkompetanse i begge målformer, og at ein bør krevje utvida språkkompetanse i særskilde yrke.

– Eg ser for meg at desse tiltaka vil gjere nynorskundervisninga meir givande for både lærarar og elevar. Kanskje vil hatet forvitre, og statusen vekse? Nett no brukar ein mykje energi på å presse nynorsken på dei som ikkje vil ha han. Eg er redd ein gløymer at folket i kjerneområda blir freista av bokmålet, og at fleire og fleire vel det i staden. Kva skjer då? Jau, det rotnar på rot, begge stader.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...