Heim Nyhende Nynorsk rettsspråk på utstilling

Nynorsk rettsspråk på utstilling

 

Om to år kjem heile grunnlova for første gong ut på nynorsk. Juridisk bibliotek i Bergen viser no ei utstilling om vegen til nynorsken inn i retten.

 

Utstillinga gjev eit overblikk over stoda for nynorsken som aktivt rettsmål frå slutten av 1800-talet og fram til i dag, skriv universitetsavisa På Høyden. Det første lovverket på landsmål blei trykt i 1894 – ni år etter at Stortinget vedtok at nynorsk og bokmål skulle vera likestilte.

– Ein måtte venta i over tjue år til neste gongen landsmålet var brukt i eit lovforslag, fortel førstebibliotekar Kirsti Lothe Jacobsen.

Først på 1920-talet og utover vart nynorsk etablert som lovspråk, fortel nettavisa. Kjetil Skogan frå Telemark var ein av føregangspersonane i dette arbeidet. Han var den første som skreiv juridisk eksamen på nynorsk i 1909. På førehand var han blitt åtvara med at det kunne føra til sensorane ville stryka han.

– Stryk vart det ikkje, men det var ikkje langt ifrå. Eksamenskommisjonen skal ha notert at om oppgåva var skriven på «menneskemål», ville ho ha vore god, seier Kirsti Lothe Jacobsen.

Men den modige jusstudenten frå Telemark vann fram. I 1925 blei han medlem av justiskomiteen og saksordførar for fleire lover, fortel nettavis. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...