Heim Nyhende – Redusert til vage formuleringar

– Redusert til vage formuleringar

Noregs Mållag er redd framlegget frå Utdanningsdirektoratet til revidert læreplan i norsk vil svekke nynorsken.

– Læreplanen er blitt stramma inn, er tydlegare og har betre progresjon, men dette har diverre ikkje styrkt nynorsken. Det som kunne vore ei storstilt satsing på tidleg start med nynorsk, er i framlegget frå Utdanningsdirektoratet til revidert læreplan i norsk redusert til vage formuleringar om lytting og lesing. Noregs Mållag meiner det er bra at begge dei norske språka får plass i læreplanen allereie frå 2. trinn av, men det er for lite og utydeleg, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Les også: – Falitterklæring for sidemålet

Noregs Mållag legg vekt på at dei har ynskt skriftleg opplæring i sidemålet så tidleg som i 4. trinn.

– I fylgje utkastet til læreplan som no ligg føre, skal elevane ikkje før i 7. trinn ta til med å ”eksperimentere med ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk, dialekt og gruppespråk”. Med dei svake formuleringane om lesing i begge språk på dei tidlege trinna fryktar vi at opplæringa i realiteten kjem til å innehalde eit minimum av tekstar på nynorsk. Undersøkingar syner at bokmålselevar på ungdomssteget som startar med nynorskopplæring tidleg, får meir positive haldningar til faget.

Utdanningsdirektoratet seier førebels ingenting om kva vurderingsformer dei ser føre seg i det framtidige norskfaget, det skal kome i eit eige forslag seinare. Noko mållaget reagerer på.

– For at ordskiftet om framlegget som ligg på bordet, skal verte fruktbart, er det avgjerande at Utdanningsdirektoratet lettar på sløret og gjev innsyn i korleis dei tenkjer kring vurderingsordninga. I framlegget til revidert læreplan i norsk er det lagt opp til ulike kompetansemål i hovudmål og sidemål og avsluttande sidemålsopplæring i Vg2, samstundes som det er uklart om det vert eigen sidemålskarakter. Dette er eit alvorleg trugsmål mot nynorsken si stilling i Noreg. Kompetansemål og vurderingsordningar må styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål, skriv dei.

Styret i Noregs Mållag legg også vekt på at norskfaget på vidaregåande nivå må innebere at det blir undervis i begge målformene i alle tre åra på vidaregåande skule, og at alle elevane til slutt vert testa skriftleg både i bokmål og nynorsk, fordelt på to eksamensdagar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...