Heim Nyhende Bokmål på ny skule i Nord-Aurdal

Bokmål på ny skule i Nord-Aurdal

Kommunestyret i Nord-Aurdal kommune har bestemt at den nye Nord-Aurdal barneskole skal ha bokmål som hovudmål.

Nord-Aurdal vedtok bokmål som hovudmål med 19 mot 4 stemmer. Den nye storskulen opnar til hausten med 430 elevar, og den er ei samanslåing av nynorskskulen Leira og bokmålsskulane Aurdal og Fagernes.

– Dei elevane som kjem frå Leira skule vil få halde fram med nynorsk som hovudmål i 5. til og med 7. trinn, seier ordførar Inger Torun Klosbøle (Ap) til LNK.no. – For elevane frå 1. til 4. klasse blir det nynorskgrupper der ti elevar eller fleire ber om det, seier ho og peiker på at det no er opp til foreldra å velje målform for barnet sitt.

I forkant av handsaminga i kommunestyret vart det halde ei rådgjevande folkerøysting 10 prosent av dei som hadde stemmerett stemte, og av desse stemte 35,90 prosent for nynorsk og 63,74 prosent for bokmål. Det vart også gjort ei kartlegging kor elevane kunne seie kva målform dei ønskte, og der valde 47 nynorsk og 367bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...