Heim Nyhende SV vil la 16-åringar stemme

SV vil la 16-åringar stemme

 

Sosialistisk Venstreparti har bestemt seg for at partiet vil jobbe for å senke stemmerettsalderen til 16 år.

 

– SV vil senke stemmerettsalderen både for stortingsval og lokalval til 16 år, seier stortingsrepresentant Snorre Valen til Dagsavisen.

Han vil no fremje grunnlovsforslag om å endre stemmerettsalderen, men forslaget vil ikkje bli vedteke. Valen treng to tredels fleirtal og vedtak frå to Storting for å få gjennom forslaget. Førebels er det berre Venstre som støttar forslaget. Partileiar Trine Skei Grande uttalte under ein stortingsdebatt om temaet i 2010 at «ungdom som må betale skatt og kan fengslas, bør også få mulegheit til å påverke politikken».

Arbeidarpartiet har ikkje bestemt seg om dei vil endre aldersgrensa. Stortingsrepresentant Håkon Haugli (Ap) i kommunal- og forvaltningskomiteen meiner det er argument både for og imot. Kommunal- og regionalminister og Sp-leiar Liv Signe Navarsete vil ikkje ta endeleg standpunkt før evalueringa av forsøket ved lokalvalet i 2011 er klart neste år.

Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet meiner stemmeretten skal følgje myndig alder. (©NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...