6. klasse på Tokke skule i Telemark har gått gjennom dei tre lærebøkene dei bruker i norsk og har funne 76 skrivefeil. Dette må rettast, meiner 6. klassingane.
Det heile starta med at dei tilfeldigvis fann eit par feil i bøkene. Så dukka det opp ein feil til og enno ein. Dermed var forvitenskapen vekt, og elevane byrja leite systematisk. Etter å ha leita seg gjennom to språkbøker og ei tekstbok i nynorskutgåva av «Ord for alt 6» fann dei altså 76 feil. Det var feil som til dømes ein dotter og fleire tøfler.
Elevane synest dette er dårleg arbeid og forventar no at forlaget rettar opp og trykker bøkene på ny.