Heim Nyhende Nye takter for skuleeigarane

Nye takter for skuleeigarane

Kommunane som skuleeigarar har vunne fridom, men og fått att i form av strengare krav til statleg rapportering.

Dette kjem fram i ein rapport som er gjort av Direktoratet for forvalting og IKT. Bakgrunnen for rapporten er eit ønskje om å sjå korleis bruk av juridiske verkemiddel frå statleg side har auka eller minka dei siste ti åra.

Undersøkinga er gjort på områda grunnskule, helse/omsorg og miljø. Trenden er at kommunane opplever eit auka krav til rapportering og handsaming som pressar småkommunar på kompetanse og ressursar dei ikkje har nok av. Kommunane har til dømes fått krav om å ha eit system for kvalitetsvurdering av grunnskulen, kor det kvart år skal utarbeidast ein rapport som kommunestyret skal diskutere. Vidare har det i løpet av dei siste ti åra blitt innført 14 nye plikter kommunane som skuleeigarar står ansvarlege for eller krav den einskilde brukar har rett på. Dette er til dømes krav om skulefritidsordning, rett til grunn skuleopplæring for vaksne eller rett til språkopplæring til språklege minoritetar.

Krev mykje

Rådmann Tone Tveito Eidnes i Ullensvang kommune seier ho kjenner seg att i skildringa av auka krav til rapportering som kan vere rimeleg kvelande for initiativa.

– Vi blir leie av detaljrapportering oppover i systemet. For å få fatt i midlar til einskildprosjekt er det til dømes så omfattande søking og rapportering, at vinninga går opp i spinninga, og vi let det heller vere.

Rapporteringa til kommunestyret ser ho derimot positivt på, då det gir kommunestyret som skuleeigarar ein sjans til å engasjere seg direkte. Sjølv om det er ressurskrevjande arbeid, får kommunen det til og det gir gevinst.

Rapporten frå Difi viser også at skuleeigarane har fått større fridom når det gjeld kompetansekrava til det pedagogiske personalet, sjølv om dette nyleg har blitt strama noko inn. Også når det gjeld å bestemme innhaldet i og forma på undervisninga er det i dag større lokal fridom enn for 10 år sidan.

Mange endringar

Samstundes er det set ut i live ein større skulereform og talet på rettleiarar og planar har auka monaleg dette tiåret. Opplæringslova, som er den einaste lova som direkte styrer grunnskulen, har gjennomgått 17 større og mindre endringar i same periode.

– Vi er glade for at sentrale styresmakter set skulen på dagsorden, seier rådmann Tveito Eidnes. – Men reformer som kjem og går stadig vekk er ei utfordring. Det kjennest som den eine reforma nesten ikkje får sett seg før neste kjem.

– Kva trur du blir den største utfordringa for kommunen som skuleeigar i nær framtid?

– Vår utfordring no er å handtere kravet til god fagleg kompetanse i småksulen. I utgangspunktet er det positivt med statlege føringar som legg stor vekt på den faglege kompetansen.

For kommunar med små skuleeiningar utan ein brei lærarstab blir dette vanskeleg, trur rådmannen. På sikt vil kravet til fagkompetanse forsterke kravet til å slå saman skular for å få større einingar.

I hennar eigen kommune, Ullensvang, er ein no nett i gong med å diskutere samanslåing og sentralisering av dei små skulane, og rådmannen ser at mange opplever dette som svært negativt.

– Eg kan sjå at større skuleeiningar kan vere bra fordi det vil gi både lærarar og barn eit større miljø, seier ho, samstundes som ho forstår at det er ønskjeleg å oppretthalde grendaskulane i bygdene.

Men kommunen er enno svært tidleg i prosessen, og utfallet av saka er på ingen måte gitt, understrekar ho.

Foto: Flickr

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....