Heim Nyhende – Får ikkje lære nynorsk

– Får ikkje lære nynorsk

Bokmål og vossamål står på timeplanen til innvandrarar på Voss. Odrun Vellene Vevatne, rektor ved Vaksenopplæringa, håpar på fleire nynorske læremiddel.

– Folk veit at vi lærer bokmål. Dei forstår det om eg seier ”hvorfor” i staden for ”kvifor”, seier Debrom.
Etter nokre månader på språkkurs byrjar norske ord å falle på plass. Gapet mellom bokmål og vossamål kan likevel bli stort.
– Vi og me betyr det same, forklarer den lærelystne gjengen frå ulike land som Eritrea, Irak og Afghanistan.

Ei dyrekjøpt røynsle
Spennet mellom elevane er stort, både når det gjeld bakgrunn, morsmål og  læringskompetanse. Dette stiller spesielle krav til lærarane og læremidla.
– Det er viktig at undervisinga er god. Mengda av nynorsk materiell er mykje mindre enn det som finst på bokmål, seier Vevatne.
Etter fagre løfte frå sentrale styringsmakter i 2003 la Vaksenopplæringa på Voss om frå bokmål til nynorsk. Forsøket varte berre nokre få år før skulen måtte innsjå at læremateriell som var lova, ikkje dukka opp. Sidan er det bokmål som har vore ufrivillig hovudmål ved Vaksenopplæringa.
– Omlegginga blei ei dyrekjøpt røynsle, seier rektoren.
– Mellom anna kom ikkje ordbøkene på nynorsk, noko som gjorde at elevane blei svært avhengige av meg, utdjupar Kari Egdetveit, lærar ved Vaksenopplæringa.

Mista trua på politikarane
– Det er leit at vi ikkje kan undervise på nynorsk. Vi er ein nynorskkommune, og det er dette som er språket vårt, seier Vevatne.
Ho har på mange måtar mista trua på at politikarane kjem til å gjere ord om til handling og sikre valfridom og jamstelling av målformene også for dei med innvandrarbakgrunn.
– Eg får kjensla av at nynorsk ikkje står særleg høgt i kurs, legg ho til.

Ville lært nynorsk
Førebels er det norske språket, med alle dialektane og variasjonane det inneheld, både overveldane og nytt for dei vaksne elevane på Voss. Dei har så langt ikkje fått tatt stilling til om dei heller ville lært nynorsk enn bokmål. Dei har blitt vane med å omsetje bokmålsorda dei les i bøkene til vossamål. Vevatne er på si side ikkje i tvil om at språk og integrering heng nøye saman. Først på eit seinare tidspunkt stiller nokre tidlegare elevar spørsmål ved kvifor dei ikkje lærte nynorsk.
– Til dømes når dei byrjar i arbeid, eller når ungane deira byrjar på skulen og har nynorsk der, forklarer Vevatne.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...