Heim Nyhende Forlaga førebur seg på skulebokkrise

Forlaga førebur seg på skulebokkrise

Forlagsbransjen fryktar at salet av lærebøker i vidaregåande skule kjem til å stupe neste år. Det betyr kostnadskutt i stor skala for heile bransjen.

 

Det Norske Samlaget er blant dei som fryktar det verste, og førebur seg ved å leggje om verksemda, kutte kostnader og redusere staben. Detaljane når det gjeld omorganisering vil vera klare måndag før jul, opplyser forlagsdirektør Tove Lie til Nynorsk Pressekontor.

 

– 60 prosent av omsetninga vår er skulebøker, det er det som er pengemaskinen vår. Vi fryktar ein svikt i omsetninga av læremiddel på 10–15 millionar kroner per år framover, seier Lie.

I fjor vart det selt skulebøker for i alt 1075 millionar kroner her i landet. Til samanlikning vart det selt skjønnlitteratur til vaksne for 484 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv (DN).

Gratis lærebøker

Og det er to hovudårsaker til at forlagsbransjen fryktar framtida:

* Eit stortingsvedtak om gratis skulebøker på vidaregåande trinn, følgd opp av ei utlånsordning, betyr at skulane kjøper inn læremiddel som blir lånt ut til elevane.
* Opprettinga av Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA), eit offentleg forlag finansiert av landets fylkeskommunar, med unntak av Oslo, og Kunnskapsdepartementet for å utvikle digitale læremiddel som gratis tilbod til skulane.

Slankar staben

Det Norske Samlaget tek konsekvensen og kuttar kostnader. Arbeidet har pågått heile hausten. Ifølgje Dagens Næringsliv kan det vera snakk om å kutte opp mot ti årsverk.

Forlagsdirektør Lie avviser at talet blir så høgt. Ho seier at målet er å få til frivillige løysingar.

Gyldendal, Aschehoug og CappelenDamm har alt redusert staben i takt med ein venta omsetningsnedgang etter gjennomføringa av skulereforma Kulturløftet.

Ikkje berre Samlaget
Forlaga ser ikkje vekk frå at det kan bli ytterlegare nedbemanning.

– Det er overhengande fare for det, seier informasjonssjef Bjarne Buset i Gyldendal til DN.

Tidlegare i år varsla De norske Bokklubbene, eigd av Aschehoug og Gyldendal med 48 prosent kvar, kutt i staben med ti til 15 årsverk. I Gyldendal var i tillegg målet ei ytterlegare nedbemanning på 20–25 årsverk.

Kunnskapsdepartementet vil løyve 330 millionar kroner til utskifting og oppdatering av læremiddel kvart tredje år. Det er landets fylkeskommunar som driv skulane.

Varig effekt

– Dette er ikkje øyremerkte pengar. Vi trur fylkeskommunane vil prøve å spara, seier Tom Skovdahl, sjef for Samlaget Utdanning og leiar for Læremiddelutvalet i Den norske Forleggerforening til DN.

– Effekten vil vera varig, dette underminerer og fjernar eit godt læremiddelforleggjeri. Det betyr einsretting og monopol, seier Skovdahl.

Han får støtte frå Arne Magnus, forlagsdirektør for utdanning i Aschehoug.

– Det er veldig naivt å tru, slik enkelte gjer, at forlaga vil halde fram med produksjonen av lærebøker, seier han til Dagens Næringsliv. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...