Heim Nyhende Fire av ti kommunar aukar eigedomsskatten

Fire av ti kommunar aukar eigedomsskatten

Dårlegare fart i norsk økonomi har ført til skattesvikt på 2,8 milliardar kroner for norske kommunar. Det betyr meir kommunal eigedomsskatt og høgare gebyr for folk flest.

 

Samtidig aukar utgiftene for kommunane til sosialtenester, helse- og omsorgstenester og barnevern kraftig. Ei budsjettundersøking gjennomført i 78 kommunar av KS, kommunanes interesseorganisasjon, viser at fire av ti kommunar som allereie har eigedomsskatt, foreslår å auke skatten til neste år, skriv Nationen.

Ei samanlikning av kommunebudsjetta i år og for neste år viser at det blir foreslått å auke eigedomsskatten med totalt 15 prosent.

Samtidig svarar 65 prosent av kommunane at dei vil auke brukarbetalingar og gebyr, blant anna for skulefritidsordning og vass- og avløpstenester.

– Undersøkinga viser at 2015 blir eit krevjande år økonomisk for norske kommunar. Mange kommunar blir nøydde til å få opp inntektene sine for å få budsjettet til å gå i balanse, seier Rune Bye, fagsjef for kommuneøkonomi i KS til Nationen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...