Bokbyen i Fjærland er på topp ti-lista over uvanlege stader å handle julegåver.
Det er nettstaden Virtual Tourist som har laga lista der bokbyen hamnar på fjerdeplass.
– Det var morosamt, men for å skryte litt så synest vi det er heilt naturleg at vi høyrer til i eit slikt selskap, seier Claus Kvamme i Bokbyen i Fjærland til NRK Sogn og Fjordane.
På toppen av lista ligg Unclaimed Baggage Center i den amerikanske delstaten Alabama, som sel uhenta bagasje. Også ABC Carpet and Home i New York, som sel gamle møblar og miljøvenleg sengetøy, og utstopparbutikken Deyrolle i Paris snik seg føre Fjærland i kåringa.
Bokbyen er berre open frå mai til september, men bruktbøker er tilgjengelege for kjøp på nett heile året. (©NPK)