Å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande skule, kan hindre mange frå å ende på uføretrygd som unge, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
I dag er det rundt 30 prosent av elevane som ikkje fullfører vidaregåande, og Halvorsen vil ha tettare oppfølging av kvar enkelt elev, opplyser NRK.
Leiaren i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, meiner det er nødvendig med meir yrkesretta utdanning for å redusere fråfallet. (©NPK)