Det er flest EU-motstandarar blant stortingskandidatane ved valet til hausten. Det viser ei ny undersøking.
Meiningsmålinga som analysebyrået Perduco har utført, viser at 48 prosent av stortingskandidatane seier nei til EU, medan 42 prosent seier ja, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Heile 95 prosent av Høgres kandidatar er for EU-medlemskap, medan Ap har 52 prosent ja-folk. Venstre er, kanskje ikkje overraskande historisk sett, delt på midten, med 46 prosent for og 43 prosent mot EU.
Senterpartiet har berre EU-motstandarar på listene, medan Framstegspartiet kan skilte med knapp nei-overvekt. (©NPK)
Av LNK NYTT 20.mai.2009