Heim Nyhende Folk frå Sogn og Fjordane arbeider lengst

Folk frå Sogn og Fjordane arbeider lengst

og Fjordane arbeider lengst

Foto: Colourbox

Folk frå Sogn og Fjordane står lengst i arbeidslivet, viser nye tal frå Nav.
 

– Folk i Sogn og Fjordane jobbar i gjennomsnitt 13,3 år etter fylte 50 år, noko som gir ein relativt klar førsteplass mellom fylka i landet, seier Frode Henden, presseansvarleg ved Nav i Sogn og Fjordane.

Han meiner det er imponerande sett ut ifrå næringsstrukturen i fylket, med overvekt av landbruk og industri og der befolkninga har lågare utdanning enn landsgjennomsnittet for aldersgruppa.

– Dette skulle bidra til å dra avgangsalderen i fylket ned, men vi er likevel på topp, seier Henden, som blant anna roser bedriftene for å legge til rette for vaksen arbeidskraft.

– Dette er sjølvsagt svært positivt og heilt i tråd med pensjonsreforma og måla i IA-avtalen. Betre helse og gradvis høgare utdanningsnivå hos dei som passerer 50 år, vil truleg bidra til enda høgare tal i åra framover, meiner han.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...