Heim Nyhende Folkerøysting om vindmøller

Folkerøysting om vindmøller

Førstkommande måndag skal innbyggjarane i Solund seie meininga si om bygging av vindmøller i kommunen.

Det er eit framlegg om bygging av opp til hundre vindmøller i Solund kommune i Sogn og Fjordane som er gjenstand for folkerøystinga måndag 9. januar. Det ligg per i dag inne tre søknader hjå NVE om bygging av vindmøller i Solund, og kommunestyret skal gje si høyringsfråsegn i saka etter folkerøystinga. Ei slik folkerøysting er ikkje avgjerande i seg sjølv, berre rådgjevande.

Solund kommune har tidlegare vedteke ein kommuneplan som er positiv til vindmøllepark, men i ettertid er fleire politikarar skulda for å vere inhabile fordi dei er grunneigarar eller er i slekt med folk som er det, melder Nynorsk pressekontor. Også ordførar Ole Gunnar Krakhellen kan måtte avstå frå å røyste i saka fordi far hans er grunneigar i eit av det berørte områda.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Undersøking: Nynorsken står svakt i lærarutdanninga

I ei undersøking går det fram at mange lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk. Over 70.000 elevar her i landet...

BankID også på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det. Nyheita om at BankID...
Vidaregåande skule

Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking...

Ålesund blir språknøytrale

Formannskapet vedtok innstillinga til kommunedirektøren om språknøytralitet mot stemmene til SV. Det nyvalde formannskapet i Ålesund vedtok òg å melda kommunen ut av LNK, ifølgje...