Heim Nyhende Kostbar e-boksuksess i Sverige

Kostbar e-boksuksess i Sverige

Bestseljarane har ført til at dei svenske bibliotekbudsjetta har blitt sprengte. Nå må fleire svenske bibliotek avgrense utlånet av populære e-bøker.

I november kosta 50.000 e-bokutlån rundt ein million kroner for dei svenske biblioteka. I Sverige har dei ei ordning som gjer at biblioteka betaler distributøren Elib om lag 20 kroner per e-bokutlån.

Denne ordninga har tillete at så mange som ønskjer det, kan låne e-boka samstundes. Dagens Industri skreiv i desember at fleire svenske bibliotek må slutte å tilby lånarane e-bøker, medan andre bibliotek har sett ned talet på kor mange utlån som er mulege. I Sverige har dei hatt e-bokutlån på biblioteka i ti år.

– Situasjonen er alarmerande og det verst tenkelege skjer nå då bibliotek stoppar utlån på grunn av for høge kostnader, seier Niclas Lindberg, generalsekretær for Svensk Biblioteksförening, på deira nettsider.

Rådgjevar for digitale tenester i bibliotek i Noreg, Dag Erlend Lohne Mohn, meiner den svenske ordninga kan reddast ved at kvart bibliotek set eit tak på kor mange utlån dei har råd til.

– Den svenske modellen har mange fordelar. Han gir biblioteka stor fleksibilitet. Ein slepp til dømes å bli sitjande med store volum av ei gamal bok få vil låne, seier Lohne Mohn til NRK.

Svensk Biblioteksförening krev at den svenske kulturministeren, Lena Adelsohn Liljeroth, grip inn, men ho vil vente til ei pågåande bibliotekutgreiing er ferdig.

I Noreg har ikkje utlånet av e-bøker kome like langt som i Sverige. Buskerud fylkesbibliotek har hatt utlån av e-bøker i eitt år. Les om deira erfaringar her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...