Heim Nyhende Foreslår eige forvaltingsorgan for kunstnarpolitikk

Foreslår eige forvaltingsorgan for kunstnarpolitikk

I ein ny rapport blir det foreslått å opprette ein eigen instans for forvalting av kunstnarpolitikken. Instansen er tenkt enten som eit eige organ, eller som ei avdeling under Norsk kulturråd.

 

Kulturminister Thorhild Widvey (H) fekk onsdag rapporten om kunstnarøkonomien, som skal bidra til å utvikle ein kunstnarpolitikk som konsentrerer seg om etterspørsel og næringspotensial.

Rapporten «Kunstens autonomi og kunstens økonomi» kartlegg økonomien til kunstnarane og drøftar korleis den private delen av kunstmarknaden kan utviklast innanfor område som digitalisering, opphavsrett og entreprenørskap.

– Regjeringa ønskjer ei breiare finansiering av kulturlivet og meir entreprenørskap i kultursektoren, seier statsråden.

Det blir foreslått forenklingar av regelverket for sjølvstendig næringsdrivande.

– I tillegg til ein brei høyring vil vi invitere til innspelsseminar i høyringsperioden, seier Widvey.

Tidlegare nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein har leidd arbeidet med rapporten. Hun har hatt med seg ei referansegruppe med blant andre aktive kunstnarar. Det inkluderer kunstnaren Anne Katrine Dolven, koreografen Jo Strømgren og musikaren Knut Schreiner.

I tillegg har gruppa bestått av gallerist Esperanza Rosales, kulturentreprenør Stein Bjelland, forskar Ellen Aslaksen frå Norsk kulturråd, styreleder Randi Eek Thorsen i Sparebankstiftinga DNB og Christian P. Iversen frå Brønnøysundregistra. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...