Sjukehussamanslåingar skal sørgje for billigare drift og betre pasientbehandling, men dei positive verknadene er ennå ikkje dokumenterte, meiner forskar.
– Det er ikkje grunnlag for å hevde at gigantsjukehus og store helseføretak er riktig medisin, seier professor Kurt R. Brekke ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole til nettavisa Forskning.no.
Brekke har i ein ny studie evaluert konsekvensane av sjukehussamanslåingane. Spørsmåla er om sjukehusfusjonane har gjort drifta billigare, om tenestene har fått høgare kvalitet og om pasientane kjem betre ut.
– Så langt er det få positive gevinstar å spore, seier Brekke, som er kritisk til retorikken om at sjukehusfusjonar gir oss meir helse for kvar krone, og at pasientane får det betre.
Ifølgje Brekke svekkjer i staden fusjonane konkurransen om pasientane, og sjukehusa mistar dermed motivasjon til å tilby kvalitet og drive effektivt. (©NPK)