Heim Nyhende Einaste kandidaten vann Klarspråkprisen

Einaste kandidaten vann Klarspråkprisen

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kan hente heim Klarspråkprisen 2013, men juryen er uroa for nynorsktekstane i staten.

 

 

Informasjon frå det offentlege er ikkje alltid like gode å verte klok på. For å samt løfte fram statlege organ eller helseføretak som evnar å vere tydelege deler difor Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut Klarspråkprisen.

Denne prisen skal fremja og styrka arbeidet med klårt språk i staten.

Første departement
Prisen vart oppretta i 2009 og i år er første gongen prisen går til eit departement.

Det er Barne-,likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD), som i fjor har utmerka seg med eit klårt og tydeleg språk. Dei var einaste nominerte til prisen.

Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, som delte ut prisen, var ekstra glad for å kunne gje han til eit departement.

– Eg er stolt over at Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er det første departementet som mottar Klarspråkprisen. Den vil inspirera oss til å fortsetja vårt arbeid med klårspråk, sa statssekretær Maria Hoff Aanes då ho tok i mot prisen, ifølgje ei pressemelding frå departementet.

Eiga målform – ei demokratisak
Juryen har i si grunngjeving lagt vekt på at vinnaren har arbeidd bevisst med språklege retningslinjer og at dei har undersøkt korleis mottakarane forstår dokumenta.

I retningslinjene vekslar departementet mellom målformene og synar slik at dei er medvitne om at statsorgan skal kunne nytte både nynorsk og bokmål.

Juryen er likevel ikkje heilt nøgd med språksituasjonen hjå vinnaren:

«Men nynorskteksten juryen fekk til vurdering, vitnar diverre om at kandidaten har eit stykke att før nynorsken blir god. Juryen registrerer at dette ser ut til å vere stoda i svært mange statsorgan, og nyttar høvet til å uttrykkje stor uro for kvaliteten på nynorsktekstar i staten. Det å kunne lese gode tekstar på eiga målform er òg i aller høgste grad ei demokratisak! Det er på tide at staten tek dette på alvor.»

Les heile grunngjevinga her!

Mindre skummel fut
Nytt av året er ein eigen pris for Årets brev. Prisvinnar vart Statens innkrevingssentral, som var ein av tre nominerte. Dei vinn prisen for brevet med tittelen: Forhåndsvarsel – vi kan ta utlegg for kringkastingsavgift.

For fem år sidan var tittelen på brevet Foreleggelse av begjæring. Juryen meiner at Statens innkrevingssentral sidan den gong har gjort ein god jobb med å redusere angsten for fut og fogd og heller invitera til eit samarbeid mellom stat og innbyggjar.

I juryen for Klårspråksprisen 2013 sit professor på UiO Kjell Lars Berge, tidlegare direktør i Innovasjon Norge Gunn Ovesen, filolog Ola Breivega og forfattar Ragnfrid Trohaug.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...