Heim Nyhende Premierer innovasjon i kommunane

Premierer innovasjon i kommunane

Regjeringa ynskjer å stimulera til auka innovasjon i norske kommunar.


I år skal det delast ut ein innovasjonspris til ein kommune har greidd å tenkja nytt og setje innovative idear ut i livet. Prisen er på 500.000 kroner. Søknadsfristen er 1. april for kommunar som vil vere med å kjempa om prisen.

– Me vil fornya, forbetra og forenkla offentleg sektor. Kommunane er naturlegvis ein viktig del av dette. Regjeringa har ambisjonar om at kommunane skal kunne tilby gode tenester som er tilpassa innbyggjarane i framtida. For å nå målet, må kommunale oppgåver løysast på nye måtar. Innovasjon er å tenkja nytt og endå smartare. Innovasjon handlar om å skapa ein betre og enklare kvardag for folk. Det er ein fordel òg for dei som jobbar i kommunane.

Det seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som håpar kommunane vil visa interesse for konkurransen om prisen.

– Eg håpar vinnarkommunen vil inspirera andre kommunar til å tenkja nytt og smart, og setja i gang innovasjonsprosessar. Kommunar som har sett i gang større eller mindre innovasjonsprosessar, eller tiltak som har skapt meirverdi for innbyggjarane i kommunen er dei som kan søkja om prisen.

Ein jury skal vurdera søknadene frå kommunane. Shahzad Rana vil leia juryen. Difi og KS vil òg bli invitert med i juryen.

– Eg er veldig glad for at Shahzad Rana har tatt jobben som leiar for juryen. Han er veldig kompetent, er opptatt av innovasjon, nytenking og har eit sosialt engasjement, seier Sanner.

Prosjekt og tiltak vil bli vurdert etter følgjande kriterium:

I kva for ei grad tiltaket er nytt og ikkje prøvd tidlegare.
I kva for ei grad tiltaket har medført eller kan ventast å medføra ein meirverdi for kommunen sine innbyggjarar.
I kva for ei grad tiltaket er med på å skapa ein innovasjonskultur og har generert nye innovasjonstiltak.
I kva for ei grad tiltaket er formidla vidare/planlagd formidla vidare til andre kommunar.
I kva for ei grad tiltaket fører til ei forenkling av arbeidsprosessane i kommunen.

Søknadsfristen er 1. april 2014.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...