Heim Nyhende Frå Brecht til ellevill Kalvø-opera

Frå Brecht til ellevill Kalvø-opera

Det Norske Teatret byr på 27 førestellingar fordelt på tre scener i programmet for 2012. I eit vidt spekter frå Bertolt Brecht til elleville fotballopera, har teatersjef Erik Ulfsby komponert i alt 27 heilaftans førestellingar.

– Vi har moderne, internasjonal samtidsdramatikk, klassikarar i nye innpakningar og nye norske storsatsingar. Og faktisk også ein opera, oppsummerer Ulfsby.

På hovudscena vil «Det gode mennesket frå Sezuan» av Brecht ha premiere 13. januar med Ane Dahl Torp og Tobias Santelmann i hovudrollene. Brecht-kjennaren Philip Tiedemann står for regien.

– Eg såg stykket for ei tid tilbake på Nationaltheatret. Akkurat no går eg berre og dagdrøymer og lengtar etter å kome i gang, seier Dahl Torp til NTB.

– Dette stykket er både interessant og tankevekkjande, seier ho.

På hovudscena med premiere 23. mars kjem den sprudlande og komiske operaen «Norge-Brasil», sett saman av tekstar av Are Kalvø og musikk av Helge Førde.

– Ein tullete opera om sterke kjensler frå junidagen i 1998 då Noreg slo Brasil i ein kamp i fotball-VM, seier Kalvø.

Musikalen «Evita» er også sett opp på hovudscena neste år, men der må publikum ha litt meir tolmod. I regi av Svein Sturla Hungnes og med Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås i hovudrollene, er stykket først premiereklart 31. august neste år. (©NPK)

Førre artikkelRett og godt
Neste artikkelVegen vidare

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...