Heim Nyhende Vegen vidare

Vegen vidare

Eit halvt år har gått sidan I/S Fjordvegen og Diktarvegen bestemde at dei skulle slå seg saman. – Me arbeider nå aktivt mot å få den nye aksjeselskapet på plass til nyåret, fortel Arne Kleppa, leiar for I/S Fjordvegen.

I april i år vart det vedteke at dei to organisasjonane skulle slå seg saman, som eit resultat av ein rapport laga av Telemarksforsking. Her blei det sett på kva potensiale som finst langs riksveg 13, i tillegg til kva organisasjonane må gjera for å vera liv laga i framtida.

Skiltar med innhald

– Det siste halvåret har me arbeidd mykje med å få nye eigarar inn i det nye selskapet, i tillegg til å sjå på finansieringa, seier Kleppa som kan fortelja at dei mellom anna har vore i kontakt med dei 16 kommunane vegen går gjennom, fylkeskommunen og Vestlandsrådet.

Diktarvegen og I/S Fjordvegen har sett saman ei arbeidsgruppe beståande av det nye styret. Her sit Solfrid Borge (ordførar i Ullensvang), Arne Kleppa (I&S Fjordvegen), Vidar Høviskeland (LNK), Margrete Reisæter og Roald Bergsaker (Stavanger Næringsforening).

– Me har alle trua på at dette samarbeidet vil gje styrke til vidare utvikling av vegen.

Kleppa meiner at dei saman kan skape synerigar mellom dei to organisasjonane sine interesseområde som vil føre til både engasjement og liv.

– Organisasjonane Diktarvegen og I/S Fjordvegen har same mål: me ynskjer å bygga veg og opplevingar. Ein felles visjonen gjer det enklare når me skal slå oss saman.

Ingen diktarveg utan asfalt

Trass i gode visjonar, legg ikkje Kleppa skjul på at dei går store utfordringar i møte:

– Først og fremst må me arbeida med å forbetra standarden på riksvegen, slik at dei reisande kan oppleva levande litteratur på ein trygg og effektiv veg. Dette er også noko som har blitt diskutert i arbeidsgruppa.

Rassikring av fleire strekningar langs vegen, og den påbegynte Hardangerbrua er to døme på at riksveg 13 er på veg i rett retning.

– Ei anna utfordring er marknadsføringa av vegen. Me må byggja opp vegen sin identitet slik at kvalitetane og moglegheitene den byr på blir allmenn kjende, fortel Kleppa som har stor tru på at det nye selskapet vil stå styrka i møte med desse problemstillingane.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...