Heim Nyhende Rett og godt

Rett og godt

Å skrive rett og skrive godt; det bør vere rettesnora for offentleg tilsette. Det er i alle fall rettesnora kurshaldar Åsmund Lien jobbar etter, og slik han legg opp undervisninga si når han held kurset På saklista.

– Føremålet med eit slik kurs som På saklista er etter mi meining å setje den offentlege språkbrukaren i stand til å formulere seg med eit språk som er greiast mogeleg å forstå for den som skal lese det.

Men skal dei offentleg tilsette kunne få ein enkel språkleg kvardag, så må dei kjenne til verktøya og føle seg trygge på korleis dei bruker språket.

Valfridom

Lien har halde språkkurs for offentleg tilsette opp gjennom åra, og han ser at mange slit med nynorsken. Nynorsk har stor valfridom, og det finst mange fallgruver. Men det finst òg ei løysing:

– Vi skal ikkje lære oss alle variantane av nynorsk. Eg meiner vi må lære oss ei form som vi kjenner oss heime i, og som vi bruker heile tida. Vi treng ikkje kunne dei andre, og då blir heller ikkje valfridomen eit problem.

Stammespråket er også ei utfordring i det offentlege, seier han. Det vil seie at ein bruker ord og uttrykksmåtar som er godt kjende innanfor einskilde miljø, men som held den jamne lesaren på avstand.

– I staden for stammespråk skal vi bruke eit språk som er eintydig, og som alle kan lese og forstå.

Blandar

Det mest utbreidde problemet i den offentlege språkføringa er at mange skriv eit altfor tungvint og dermed vanskeleg språk, meiner Lien. Dette er ein arv frå skrifttradisjonen i bokmål, og eit dårleg mønster for nynorsk språkbruk. Elles ser vi også ofte at folk blandar bokmål og nynorsk, spesielt dei som ikkje har nynorsk som hovudmålet sitt.

– Vi ser tydelege merke etter bokmål i mange nynorske tekstar. Og andre overkompenserer og bruker endingane -a og -ane for mykje for å vere sikker på at det skal bli nynorsk nok.

Etter mange år med språkkurs og mange møte med offentleg tilsette, både på kurs, men òg gjennom tida han sjølv var tilsett i Os kommune, har Lien god oversikt over kva språklege utfordringar det offentlege har.

– Jobben min er då å gje dei ei handsrekking for å gjere den språklege kvardagen lettare og å motivere dei ut frå det som er oppdraget deira: Å vere folket sin tenar.


I LNK-avisa nr 5 kan du få vere med tilsette i Kvinnherad når dei er på språkkurs med Åsmund Lien. Avisa kjem i neste veke.

 

GRAMMATIKK: Kommareglar, substantiv, genitiv, framandord og forkortingar; det er jobben til Åsmund Lien å gjere dette klart og forståeleg for kommunalt tilsette på kurs. (Foto: Toyni Tobekk)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...