Sjølv om Skigutane har blitt oppkjøpt og slått saman med Active Brands, vil framleis merkevarer som Kari Traa og Vossatassar marknadsføre seg på nynorsk.
– Det er noko av de vi verdset mest med Skigutane, seier Øystein Bråta i Holta Invest til til LNK. – Den arven som språket representerer og den tilknytinga merkevarene har til Voss er verdifull. Her blir det inga språkleg endring.
Hotla Invest gjekk i vår inn som investor i Skigutane og samstundes slo Skigutane seg saman med Active Brands til eit selskap med 140 tilsette. Skigutane hadde då med seg 130 tilsette samt merkevarene Kari Traa, Vossatassar, Bula, Åsnes, Extrem og Linken. Selskapet er no inne i ein prosess kor ein ser på vidare utviklingsmulegheiter for Skigutane, seier Bråta.