Heim Nyhende Aktivt vitensenter

Aktivt vitensenter

I haust kan du mellom anna spele brettspel med deg sjølv som brikke og FNs 2015-mål som base.

På Vitengarden er dei strålande nøgde med å ha fått eit spel av internasjonal klasse som utstilling.

– Denne utstillinga har vi vore med og utvikla saman med vitensenteret Eksperimentarium i København og ei rekkje store hjelpeorganisasjonar, fortel avdelingsleiar på Vitengarden, Helene Østby Larsen. – Når vitensenteret i København vende seg til Noreg for å finne samarbeidspartnarar, var vi veldig nøgde med å få den oppgåva. Å få utstillinga hit til Rogaland og Hå kommune er òg veldig stort, vanlegvis går utstillingar av denne dimensjonen til Oslo eller andre store plassar i landet.

Eit urimeleg brettspel

Ei verd på spel heiter utstillinga, og ho er eit brettspel kor du sjølv er brikka. Meininga er å oppleve kor tilfeldig og urettferdig fordelinga av gode i verda kan vere, forklarar Østby Larsen.

– I utviklinga av spelet har vi òg hatt med oss eit prosjekt som Hå kommune driv saman med bedriftene i lokalmiljøet her. Dei jobbar med å hjelpe eit sjukehus i Burundi til å få vasstilførsel heilt fram til huset, og samstundes er dei involverte i opprettinga av eit kyllingslakteri. Vi kjem til å bruke denne innsatsen i utstillinga vår når ho opnar i oktober, seier ho.

I matfatet

Det er ikkje berre med FN-utstillinga at Vitengarden og Hå kommune drar vekslar på kvarandre. Avdelingsleiaren viser til fleire prosjekt kor kommunen, fylket og Jærmuseet samarbeider om tema og utstillingar.

– Hå er ein jordbrukskommune, og for oss er det naturleg å la jordbruk, husdyr og mat, dei grøne realfaga, stå i fokus, seier Østby Larsen. Ho fortel at kommunen no har oppretta ei eiga stilling hjå Jærmuseet og Vitengarden som skal drive formidling og utvikling av tema rundt jordbruk og mat.

– Vi kallar oss Vitensenteret midt i matfatet, seier ho.

Gris, høns og ku

Vitengarden har òg eit ekte gardsbruk knytt til anlegget. Garden driv for fullt, nett slik dei gjorde på 50-talet, fortel Helene Østby Larsen.

– Vi har ein del bevaringsverdige dyr på garden vår, mellom anna vestlandsk raudkolle, jærhøner, gjæser og ikkje minst den gode gamle grisen, som nok ikkje er like mager som dagens griser er.

Garden er i tillegg forsynt med eige rugeri. Egg blir tatt frå hønene ute og lagt til ruging i rugemaskina. Er ein heldig, kan ein få sjå klekking ein dag ein er innom Vitengarden som gjest. Det er viktig, seier Østby Larsen, å la både vaksne og barn kjenne gardslivet på kroppen, verkeleg kjenne at det luktar gris i eit grisehus.

– I mange barnebøker blir kyr og griser framstilte som like store dyr. Det kan kome som ei overrasking på både vaksne og barn at kua faktisk er eit mykje større dyr enn grisen.

Vitengarden har elles faste utstilingar som fortel den jærske kulturhistoria og viser korleis Jæren har endra seg frå å vere udyrka stein- og lyngheier til å bli eit moderne industri- og bondesamfunn.

Vitengarden

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...