Heim Nyhende Byggjer kjempemeieri

Byggjer kjempemeieri

På Kviamarka i Hå byggjer dei det som vil bli Noregs største meieri når det gjeld behandla mjølkemengde.

– Vi skal slå saman fire meieri frå regionen og samle produksjonen i eitt stort meieri. Slik kan vi gjere meieridrifta meir rasjonell, seier prosjektleiar Torbjørn Gjerde frå Tine. Han vil bli leiar av det nye meieriet når det står klart hausten 2011.

Gjerde fortel at dei fire meieria i Jær-regionen som no skal samlast til eitt, består av 50-60 år gamle bygningar. Ingen av anlegga har særleg utviklingspotensiale, og det ville vore lite rasjonelt å ruste desse opp. For å møte stadige krav til produktfornying og rasjonalisering har Tine derfor bestemt seg for å slå desse fire saman og bygge eit nytt. Ein snakkar då om ei utbygging til 1,4 milliardar kroner. Det nye meieriet vil motta 200 millionar liter mjølk i året, noko som tilsvarar omlag 13 prosent av den totale mjølkemengda som Tine mottek. Det er i ein slik målestokk at meieriet vil bli Noregs største, men når det gjeld omsetning eller talet på tilsette, blir det ikkje størst.

Færre tilsette

Per i dag ser Tine for seg ei netto innsparing på 30 millionar kroner årleg ved å slå saman desse meieria. Rasjonaliseringa inneber dessutan at arbeidsstokken blir mindre.

– Vi skal redusere talet på tilsette med ein tredjedel. Det betyr at ikkje alle vil få jobb i det nye meieriet, seier Gjerde. Dei reknar likevel med å kunne tilby jobb til alle som ikkje går av med pensjon, på dette eller andre anlegg i distriktet.

– Kva seier bøndene i området om denne samanslåinga?

– Det var litt lokal motstand mot planane i starten, men no opplever vi ei brei semje om at dette er det beste både for Tine og for bøndene. Aukar vi konkurransekrafta vår i marknaden, så aukar også bonden si stilling i samfunnet.

Miljøgevinst

Det nye Tine meieri Jæren meieri vil etablere seg på eit område i Hå kor ein allereie finn tre kyllingslakteri og eit gartneri med det største drivhuset for tomatar i landet. Ein av fordelane ved å etablere seg i dette området var tilgangen til eiga vasskjelde. Men også høvet til å dra veksel på dei etablerte anlegga freista. No ser det ut til at meieriet og drivhuset vil kunne drive ei utveksling av spillvarme og vatn som båe anlegga vil tene på.

– Vi får eit overforbruk av vatn som det er vanskeleg for oss å bruke opp. Dette vatnet vil vi no leie i røyr over til gartneriet, kor det vil ha ein varmestiging frå 35 til 55 grader. Dette vatnet blir så brukt til å justere temperaturen i veksthusa, forklarar Gjerde.

Etter at vatnet har tent si rolle i veksthuset, kjem det avkjølt tilbake til meieriet og kan brukast på nytt.

I tillegg har gartneriet eit stort behov for tilskot av CO2, som dei vanlegvis får dekt ved brenning av naturgass. Når meieriet kjem på plass, vil all eksos frå kjelane deira gå i røyr til gartneriet, der han kan tappast for CO2.

– På denne måten håper vi å bli ein energisentral som er hjartet i dette næringsområdet, seier framtidig meierileiar Torbjørn Gjerde.

 

 

Førre artikkelAktivt vitensenter
Neste artikkelLomheim til NRK

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...