Heim Nyhende Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er blitt informert om Stortingsmelding om ny lærerutdanning gjennom pressemelding publisert 06.02.09 og nettutgåve av meldinga på regjeringa sine heimesider.

LNK deler statsrådane sine mål om at ei meir spesialisert utdanning skal føre til auka interesse for og rekruttering til lærarutdanninga. Vi sluttar oss også til ønska om å utvikle ei lærarutdanning der studentane får betre individuell oppfølging, og der kunnskap, motivasjon, engasjement og kvalitet ikkje berre er honnørord, men harde realitetar og reelle mål. Det er såleis mange gode grunnar til å rose meldinga.

Vi sluttar oss altså til at allmennlærarutdanninga blir tatt bort og at ein i staden opprettar to hovudretningar som er retta mot undervisning på ulike årssteg (1-7 og 5-10). Vi er likevel svært skeptiske til å gjere opplæringa i norsk valfri for lærarstudentar som tek utdanning for å undervise dei eldste elevane i grunnskulen. Norskfaget ber i seg mange disiplinar, fagområde og sjangrar som kanskje ikkje er nødvendig kunnskap for lærarar i andre fag enn norsk, men som kommunikasjonsreiskap blir norsk skriftleg berre viktigare og viktigare, ikkje minst med stadig meir bruk av IKT i kommunikasjonen med elevar, foreldre, kollegaer og lokalsamfunn. Opplæring i klårt og enkelt språk i dei sjangrane som er mest brukte i skulekvardagen (meldingar, presentasjonar, prøver, repetisjonsoppgåver osb.) bør difor vere ein del av opplæringa for alle lærarar i tillegg til grunnleggjande rettskriving (ortografi og grammatikk) og fagterminologi. Og sjølvsagt skal denne opplæringa ha som mål at alle studentar som har stått til lærarprøva, kan skrive tilnærma like godt nynorsk og bokmål når dei går ut i arbeidslivet.

Korleis kan så dette gjerast reint praktisk? Styret i LNK har som førsteprioritet at lærarutdanninga blir forlenga og at norskopplæringa får eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom dette ikkje lar seg gjennomføre på kort sikt, kan departementet vurdere å ta ut 5 eller 10 studiepoeng frå kvar av dei tre fagstudia og opprette ei norskopplæring på 15 eller 30 studiepoeng som går over tre år. Alternativt kan norskopplæringa integrerast i fagstudiet som eit eige emne der hovudelementa er undervisningsspråk og fagterminologi på begge målformene.

Kvifor engasjerer så styret i LNK seg så sterkt i denne saka? Kort sagt fordi vi ønskjer dei beste lærarane, og fordi alle lærarar i ein viss forstand er norsklærarar. Det å vere sikker i skriftleg framstiling er grunnleggjande viktig for ein lærar. Det gjer læraren trygg på seg sjølv, og han/ho blir sett på med respekt av elevane. Sett på spissen kan ein lærar som er god i faget sitt, men usikker i fagterminologi og rettskriving rive ned mykje av det lærarane på dei første årsstega har bygt opp blant somme elevar, medan andre (dei flinkaste) ler av feil som blir gjort i skriftlege framstillingar. Vi meiner difor at alle som tek profesjonsutdanning for grunnskulen har krav på ei norskopplæring som gjer dei trygge og kompetente til å undervise kvar det skal vere i landet vårt. Utan ei slik opplæring kan mange lærarar få problem. Det kan også elevar og skular få, og sannsynet for at nynorskskulane får dei største problema, er absolutt til stades.

Til slutt vil vi peike på at framlegget om profesjonsutdanning for delar av grunnskulen utan norskopplæring etter vårt syn vil bryte mykje med dei gode tankane om språk, språkjamstelling, språkdyrking og språkutvikling som sitjande regjering har  felt ned i dei to framifrå stortingsmeldingane, St. meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St. meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Vi håpar difor at departementet merkar seg synspunkta våre, og vi står gjerne til rådvelde dersom statsrådane ønskjer ein dialog med oss.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...