Talet på godkjende fråversdagar i vidaregåande skular er redusert frå 14 til 10. Det gjer det vanskelegare for ungdom å vere politisk aktive, seier ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
Leiar i ungdomspanelet, Ida Heggset, seier til NRK Møre og Romsdal at både organisasjonar og einskilde ungdommar har reagert på dei nye reglane. Når ein får færre dagar å bruke til politisk aktivitet, så går det også ut over engasjementet, seier ho.
No ber panelet fylkespolitikarane sine om hjelp til å få snudd denne endringa. Panelet ser for seg ei ny ordning kor alt fråver blir ført opp på vitnemålet og så delt i fleire kategoriar som sport, politikk og udokumentert fråver.