Heim Nyhende Full spreiing av nynorsk litteratur

Full spreiing av nynorsk litteratur

LeLitt-festivalen i Nordhordland er i full gang, med 130 arrangement i åtte kommunar.

– Føremålet med festivalen er å vise det breie tilbodet til biblioteka, men også å setje fokus på den nynorske litteraturen, seier biblioteksjef i Osterøy, Bente Dammen.

Ho og biblioteket hennar har nett vore vert for ei figurteaterframsyning av Erna Osland si bok Sov søtt herr Spiss, som er eitt av om lag 30 arrangement som hennar bibliotek skal by på i løpet av festivalen. – Det var ei kjempefin framsyning. Og alt vi har av Osland vart utlånt etter førestellinga, smiler ho fornøgd. Neste store hending i Osterøy bibliotek er litterær lunsj med Arne Hjeltnes på fredag. Hjeltnes skal varte opp med sin romanfigur Ivar Nimme, medan Osterøy bygdekvinnelag skal stå for eit godt måltid mat.

(Meir under bildet!)

Også dei andre biblioteka i det som festivalen har vald å kalle Litteraturhusa i Nordhordland : NB8 har mykje spennande på tapetet i den veka som er att av festivalen. Sov søtt herr Spiss skal rundt til fleire bibliotek, det blir skrivekurs for vaksne, bokkafear og lesestunder. Biblioteka som er med i festivalen er i Lindås, Radøy, Fedje, Meland, Masfjorden, Austrheim, Modalen og Osterøy.

LeLitt-festivalen, som altså er ein lese- og litteraturfestival, markerer også avslutninga av prosjektet Nye tider – NyNorsk. Dammen har vore prosjektleiar i dei snart tre åra prosjektet har gått. Nye tider – NyNorsk er eit pilotprosjekt utvikla i samarbeid mellom biblioteka i Nordhordland og LNK, og Dammen har tru på at mange av tiltaka som har føregått desse tre åra kan setje varige spor etter seg. Mellom anna er ho svært nøgd med at biblioteka i dei åtte kommunane har kunne samla seg to gonger i året for å gå gjennom den nyaste nynorske litteraturen for vaksne og barn. Dette har vore så verdifullt for biblioteka at Dammen er sikker på at dei ønskjer å halde fram med det. Då kan hende med litteratur på båe målformer, vel og merke.

Prosjektet skal evaluerast når festivalen er ferdig og dei tilsette har fått tid til å la festivitasen søkke inn.

Bamsestol

Meir om LeLittfestivalen finst på www.mittnordhordland.no

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...