Heim Nyhende Fylkesmennene ber kommunane tenkje seg om

Fylkesmennene ber kommunane tenkje seg om

Råda frå fylkesmennene til Kommunaldepartementet er i ferd med å komme på plass. Dei fleste ser behov for meir vidtrekkjande endringar på sikt enn dei går inn for no.

 

Fredag la fylkesmennene i fire fylke fram råda sine om korleis kommunestrukturen skal sjå ut framover.

Det vert ikkje lagt opp til tvang i Hordaland og Nord-Trøndelag, men Sør-Trøndelag og Finnmark meiner berre fri vilje ikkje vil vere tilstrekkeleg.

– Feil med tvang

– Tvang vil gi dialogen mellom stat og kommune feil tone. Det vil vere kontraproduktivt, sa fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland då han la fram sitt råd til departementet.

Han viste til at ein god del kommunar i fylket frivillig har gått inn for samanslåing, og meinte at det ikkje var nokon openberre kandidatar som måtte tvingast saman med andre.

Likevel ser han at det er «kvite flekker på kartet» og at det er rom for nye prosessar på sikt. Om Sponheim fekk bestemme fritt, ville dagens 33 kommunar bli kuttet til ti. I staden ligg det an til at tolv kommunar går saman og dannar fem nye.

Få endringar i Nord-Trøndelag

Tvang var heller ikkje eit tema i Nord-Trøndelag. Fylkesmann Inge Ryan støtta tre nye kommunar, som spring ut av sju frivillige vedtak. Elles nøyde han seg med å anbefale nokon grensedragingar.

Han oppmoda derimot nokre av dei små til å tenkje gjennom situasjonen på nytt, og peikte på at nokre kommunar vil vere svært små og sårbare i framtida. På sikt ser han for seg løysingar rundt seks regionsenter som finst i fylket.

Forsiktig start i Sør-Trøndelag

Kollegaen i Sør-Trøndelag var sameleis ganske beskjeden med tvangsanbefalingane. Frøya, Hitra og ytre del av Snillfjord bør gå saman, det same bør Holtålen og Røros, slo fylkesmann Brit Skjelbred fast.

På sikt synest ho at Fosen-halvøya bør bli éin kommune, men prosessen er vanskeleg. Rissa og Leksvik er allereie i gang med å slå seg saman, og ein større prosess kan skape problem for dette arbeidet.

Dermed ser det ut til at dagens 25 kommunar vert redusert til 18 eller 19 i første runde. Men det bør berre vere starten, meiner Skjelbred, som ser for seg at ein endar på ni kommunar i 2025.

I Finnmark går råda i retning av at dagens 19 kommunar bør bli til 15. Fylkesmann Gunnar Kjønnøy foreslår tvang overfor sju kommunar. Berre Hammerfest og Kvalsund hadde på førehand sagt ja til kvarandre.

– Betre enn venta

Råda frå fylkesmennene viser at kommunereforma går betre enn ein hadde grunn til å tru, meiner NHO.

– Nokre fylkesmenn er meir ambisiøse enn andre, men gjennomgåande synest vi at dei har tatt oppdraget på alvor og løyst det bra, seier næringspolitisk direktør Ingebjørg Harto.

Fylkesmennene hadde frist til 1. oktober med å leggje fram råda sine. Måndag kjem anbefalingane frå dei to siste fylka, Møre og Romsdal og Hedmark. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...