Heim Nyhende Geitesenter til 20 millionar

Geitesenter til 20 millionar

I Aurland planlegg dei eit senter som skal fremje geitenæringa i Noreg.

Senteret, som nå er inne i sluttfasen av forprosjektet, er tenkt lokalisert til Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Alt i 2009 starta arbeidet mot det som skal bli eit opplevingssenter som skal fremje geitenæringa i landet gjennom informasjon om geitehald og spennande opplevingar.

– Utforminga har vore ei utfordring i planprosessen, særleg det å få til ein god kombinasjon mellom opplevingsperspektivet for publikum og tilrettelegging for eit trygt og sunt dyrehald, seier prosjektleiar Arve Tokvam til Sogn Avis.

Han viser til at bygget er tenkt sett saman av to hovudelement. Den eine skal innehalda formidlingsdelen, der ein sentral del også vil vera å profilere dei aktive geitemiljøa både i nærområdet og elles, som ein vegvisar for folk til å få oppleva geitehald på nært hald ute på stølane og i kulturlandskapet. Det skal òg vere utstillingar om geitehald, både i fortid og nåtid, i tillegg til filmrom og auditorium, kafeteria og butikk.

I tillegg kjem fjøsdelen, der dei vitjande skal få oppleve geiter på nært hald, men ikkje gjennom direkte kontakt med alle dyra i senteret. – På grunn av smittefare er det strenge reglar som må følgjast, seier Tokvam.

Han fortel at arbeidet med planane for eit Norsk Geitesenter i Aurland, har vore gjort ut frå tankar om å få til eit samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) omkring både utvikling og drift av senteret.

Det er ennå ikkje etablert eit formelt samarbeidsprosjekt mellom Norsk Geitesenter og SJH/Sogn og Fjordane fylkeskommune, fortel Sogn Avis,  men det ligg eit ønske om å få dette til. Det er også Sogn og Fjordane fylkeskommune som er tomteeigar der senteret er tenkt plassert.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...