Heim Nyhende Gir råd om enkelt språk

Gir råd om enkelt språk

– Statsråden vel sjølv målform. Det viktigaste språkrådet me kan gi, er å bidra til at bodskapen blir tydeleg, og at informasjonen blir presentert på ein lettfatteleg måte, seier statssekretær i Kulturdepartementet, Lubna Jaffery Fjell.

Ein runde LNK-avisa har utført blant politiske rådgjevarar og statssekretærar for å kartleggje kor mykje dei kan påverke språkpolitiske spørsmål og språket i departementet, viser at Fjell ikkje er åleine om å meine dette.

– Når det gjeld allment informasjonstilfang, seier regelverket at det skal varierast slik at det blir minst 25 prosent av kvar målform over tid. Til dagleg er det embetsverket i det enkelte departementet som følgjer opp dette, gjennom korrespondanse med private og offentlege aktørar i samsvar med dei reglane som gjeld. Samstundes har me som politikarar også eit ansvar for å sjå til at dette blir følgt opp, seier Lubna Jaffery Fjell.

Sjølv er ho frå Bergen, utdanna statsvitar og skriv bokmål.

– Kor mykje makt har eigentleg politiske rådgivarar?

– Me er med og førebur saker for statsråden og kan på den måten bidra til å leggje premissa for debatten, men det er statsråden og regjeringa i fellesskap som tar dei endelege avgjerdene, slår ho fast.

Fjell gjer merksam på at Kulturdepartementet har det overordna språkpolitiske ansvaret, men at språkmeldinga frå 2008 slår fast at alle departement også må ta språkpolitiske omsyn med i vurderingane når dei utformer og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

– Det overordna målet for denne politikken er å sikra det norske språket sin posisjon som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Dette omfattar også arbeidet med å styrkje det nynorske språket og den nynorske skriftkulturen, meiner ho.

Gir ministeren råd

Statssekretær ved Statsministerens kontor, Mina Gerhardsen, meiner også den viktigaste språkjobben hennar er å hjelpe statsministeren til å bli tydeleg.

– Eg er oppteken av å bidra til at statsministeren snakkar på ein måte som får fram tankane og bodskapen hans på ein pedagogisk og tydeleg måte, seier ho.

Også ho konstaterer at rådgivarane er nær makta og kan påverke gjennom saksførebuingar, men at det er statsministeren som tek dei endelege beslutningane.

– Den viktigaste språksaka no er å ta vare på det norske språket slik at me kan tilpasse det til tida som er no, i staden for å få stadig fleire erstatningsord frå andre språk.

Med seg som statssekretærar ved Statsministerens kontor har Gerhardsen mellom anna Dagfinn Sundsbø, Snorre Wikstrøm og Lotte Grepp Knutsen. Alle framhevar at det viktigaste er å bidra til eit enkelt og forståeleg språk i departementet. Sundsbø understrekar at språkråd ikkje er ein del av dei daglege arbeidsoppgåvene, men han meiner det er viktig å sikre dei to skriftspråka og halde fast på det språklege mangfaldet som dialektane gir.

– Statsråden sitt språkval er avgjerande. Til dømes kjem alle regjeringsnotat frå dei to statsrådane som nyttar nynorsk, på nynorsk, seier han.

Skal på kurs

Pål Julius Skogholt er statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet. Han kjem frå Lofoten og skriv sjølv nynorsk. Sjølv om heller ikkje han gir direkte språkråd til ministeren, har han ei meining om kva som er den viktigaste språksaka framover.

– Det er mange, men det aller viktigaste er å utvide bruken av nynorsk på nettet. Eg trur Wikipedia på nynorsk er eit sentralt verkemiddel. Eg trur også gode program for omsetjing mellom bokmål og nynorsk, engelsk og nynorsk er viktig.

Den dagen Apertium og Google Oversetter fungerer godt, vil dette vere med på å breie ut bruken av nynorsk, seier han og viser til at det ofte er kva som er praktisk og enklast, som avgjer språkbruken i departementet.

Til liks med dei andre skildrar Anja Kristin Salte Hjelseth, politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, at jobben hennar når det gjeld språk, i stor grad er å gi råd om korleis bodskapen bør presenterast og bli tydeleg og forståeleg.

– I Kommunal- og regionaldepartementet har me ein statsråd som bruker nynorsk som hovudmål, og dermed blir det som ho er avsendar for, skrive på nynorsk. Men mange av dei tilsette er bokmålsbrukarar, og då skriv dei i hovudsak på bokmål. Eg må vedgå at for meg som skriv bokmål og ikkje har hatt nynorsk sidan vidaregåande, er det ei utfordring å friske opp att nynorsken, men eg skal snart på eit heildagskurs, og eg har funne mange gode sider med øvingar på Språkrådet sine heimesider, fortel ho.

Også statssekretær Lisbet Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet og politisk rådgivar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes, meiner det viktigaste er å gi gode språkråd til ministeren slik at språket blir enkelt og lett forståeleg.

– Departementet er opptatt av å følgje lova, uavhengig av kven som er her som politisk tilsette, men det er klart at slike ting som avisinnlegg, talar og så vidare blir prega av språket

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...