Heim Nyhende Glad for satsing på nynorske lettlesbøker

Glad for satsing på nynorske lettlesbøker

Noregs Mållag er glad for at Kulturdepartementet føreslår å auka tilskotet til Det Norske Samlaget med 750.000 kr for å styrkja utgjevinga av fleire lettlesbøker på nynorsk.

 

– Det er viktig at ungar i nynorskområde har tilgang på nok nynorsk litteratur i dei tidlege skuleåra når dei skal læra seg å lesa, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. At nynorskelevane har tilgang til litteratur på eige språk, er viktig for å kunna utvikla gode ferdigheiter i nynorsk.

– Noregs Mållag har fleire gonger teke opp den nynorske barnelitteraturen og nynorske leselystprosjekt med Kulturdepartementet, og er glad for at budsjettframlegget no gjev rom for å auka utgjevingstakta, seier Tennø.

All språkopplæring må fylgjast opp med mengdetrening i lesing på eige språk for å gje elevane språklege føredøme som kan gjera dei til gode skrivarar. I dag er ikkje tilgangen den same på nynorsklitteratur som på bokmålslitteratur. Særleg nynorske lettlesbøker og faktabøker er ei mangelvare.

Med den største satsinga på kultur, er det gledeleg at det også er gjeve rom for basisutstillinga på Hauge-senteret. Ein samla vekst i kulturbudsjettet på over 8 prosent burde også ha gjeve rom for å løyva Norsk Ordbok pengane dei treng for å koma i mål til 2014, og likeins å få det svært vellukka ungdomstiltaket www.framtida.no inn i faste former på budsjettet, seier Tennø.

Noregs Mållag fekk ikkje uventa vidareført og indeksregulert driftsløyvinga frå 2013.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...