Heim Nyhende Melsomprisen til Linda Eide

Melsomprisen til Linda Eide

Linda Eide fekk årets Melsompris for boka  Oppdrag mottro –  jakta på gamle dagar.

 

Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. I juryen sat Ola E. Bø, Hilde Sandvik og Brit Bildøen, som meinte at «boka (er) eit morosamt og opplysande tidsbilde, med eit vake blikk for sosiale nyansar.» Prisen vart delt ut under opninga av Litteratursymposiet i Odda.

Melsomprisen er basert på  skipsreiar Ferd. Melsoms legat som vart stifta i 1922.Statuttane for Melsomprisen seier at prisen skal delast ut til ei bok som  «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Frode Grytten, Maria Parr, Jon Fosse og Lars Amund Vaage.

Tidlegare i år fekk Eide Målprisen 2013 av Noregs Mållag. Onsdag 16. oktober vitjar ho Litteraturhuset i Oslo, mellom anna saman med Valkyrien Allstars.

– Melsomprisen går i år til ei bok som fell mellom fleire sjangrar. Eller som skaper ein ny sjanger: «telefonintervju med dine nærmaste». I fleire år tasta Linda Eide mor si for å få stoff til å fylle spalta si i Bergens Tidende. Innleiingsspørsmålet kunne vere: Du, når kom 8. mars eigentleg? Kva har Elvis betydd for deg? Var det vanleg med straumsjokk før?, skriv juryen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...