Fjoråret blei eit svært godt år for Sogn og Fjordane teater. Rekneskapen viser eit overskot på 892.058 kroner. Det er over 700.000 kroner betre enn budsjettert.
– Hovudårsaka til det gode resultatet er høge billettinntekter, særleg på «Kjærleikens ferjereiser» og «Dar kjem dampen – Ivar Medaas», heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane teater.
Teateret trekkjer også fram god styring av kostnader knytt til personalet, materialbruken og drifta elles.
Ved årsskiftet hadde Sogn og Fjordane ein eigenkapital på vel 2,6 millionar kroner, noko styret og administrasjonen vurderer som svært tilfredsstillande. (©NPK)