Åtte verksemder i Østfold blir heidra med diplom frå Språkrådet for å ha valt gode og kreative norske namn.
Kvart år deler Språkrådet ut diplom for godt namnevett til verksemder i eit fylke eller ein landsdel. I år er det Østfold som står for tur. Diplomutdelinga er eit tiltak for å motverke unødvendig bruk av engelsk i Noreg.
– Fleire av desse bedriftsnamna har ei lokalhistorisk tilknyting, medan andre på ein artig måte seier noko om kva slags verksemd det er. Namna er gode eksempel på kreative namn og viser at norske namn hevdar seg godt i konkurranse med engelsk, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.
Desse verksemdene fekk diplom: Arkitektbyrået Arkitekturverket i Moss, bakeriet Brød og Vann i Halden, fotograf- og reklamebyrået Fredrikstad medieverksted i Fredrikstad, veterinærverksemda Hestekur AS på Slitu, helsesenteret Landsbylegene i Spydeberg, Siste Reis Pub i Halden, solstudioet Sola til Ola i Fredrikstad og klesbutikken Yppig AS i Sarpsborg. (©NPK)