Heim Nyhende Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

Gratis boktips til nettsidene til bibliotek og skular

No kan du få siste bokmeldingar, bokomtalar og forfattarintervju frå Lesedigg.no direkte inn på nettsidene til biblioteket eller skulen din.

I juni opna den nye nynorske tenesta Lesedigg.no. Målet med Lesedigg.no er få fleire barn til å lesa – og hjelpa dei å finna bøker som passar for dei.

Med hjelp av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.

På Lesedigg finn du bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju og aktivitetar tilpassa barnetrinnet. Vedlagt finn du gratis Lesedigg-bokmerke til utdeling til barn og unge.

Gratis til nettsida til biblioteket

Lesedigg er gratis for alle bibliotek å bruka. Lesedigg er laga slik at innhaldet lett kan integrerast på nettsidene til folkebibliotek, skulebibliotek og andre nettstader.

Her kan du lesa meir om korleis biblioteket ditt kan gjera dette på ein enkel måte!

Me håpar at biblioteket ditt har lyst til å leggja Lesedigg på nettsidene dykkar – slik at lånarane dykkar kan søka seg fram til fleire gode bøker for barn og unge.

Og har du lyst til å leggja ein nyhendeboks eller siste bokmeldingar frå Framtida.no på nettsida di, så kan du lesa meir om det her! Nyhende- og debattavisa for unge melder bøker for ungdom og vaksne.

Om samarbeidet

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior.

Nasjonalbiblioteket og Bergesenstiftelsen har støtta utviklinga av Lesedigg. Lesedigg blir drifta av Framtida Junior.

Nettstaden deira hadde over 137.000 brukarar i fjor. Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med tilbakemeldingar undervegs i utviklingsprosessen.

Utover hausten vil det koma endå fleire bøker og anna innhald på Lesedigg.

Viss du har innspel eller ønskjer å bidra til Lesedigg, så er det berre til å ta kontakt med  svein @ framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...