Heim Nyhende 125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som...

125 årsjubileum for Tarjei Vesaas : – Kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet

Som tenåring gjekk Tore Renberg til lokalavisa for å kjøpe eit portrett av forfattaridolet sitt, medan kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen framleis sit med sterke kjensler frå «Is-slottet», fleire år etter å ha lese romanen. 20. august er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd.

Det står eit innramma portrettbilete av forfattaren Tarjei Vesaas på arbeidspulten til Tore Renberg. Biletet kjøpte han av Stavanger Aftenblad då han var tenåring og ihuga Vesaas-fan.

– Det er kanskje den fremste litteraturen som er skriven i dette landet. Når Vesaas var god, var han heilt sjukt god, seier Tore Renberg til Nynorsk pressekontor.

20. august er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. Jubileet blir markert ved fleire arrangement rundt om i landet, blant anna av Nynorsk kultursentrum i Vinje i Telemark, der forfattaren budde det meste av livet sitt.

I samband med 125-årsjubileet har òg Det Norske Teatret og Nationaltheatret sett opp framstillingar av høvesvis «Fuglane» og Brannen», for å feire Tarjei Vesaas.

Forfattarekteparet Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas heime på Midtbø i Vinje. Biletet er teke i samband med at Tarjei fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1964 for romanen «Is-slottet». Arkivfoto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB / NPK

Viktig å oppdage store forfattarskap i tenåra

Første gong Tore Renberg las ei bok av Vesaas, var «Fuglane» som 14-åring på ungdomsskulen. Fleire av bøkene til Vesaas er faste innslag som lesestoff i grunnskulen, det har gjort at han har ei stor utbreiing blant nordmenn, meiner Renberg. Stavanger-forfattaren har opplevd noko av det same med sine romanar «Mannen som elska Yngve», «Kompani Orheim» og «Tollak til Ingeborg».

– Forfattarskap ein oppdagar frå ein er 15 til 20 er noko ein blir svært prega av. Ein burde hengje opp eit åtvaringsskilt på bøker av Dostojevskij, Dickens og Vesaas. Då eg las Vesaas var det så avansert. Det var emosjonelt, hadde ei særeigen form og språk som kom frå jord, Telemarkslufta og den sjenerte måten han omgjekk verda på. At norske skuleungdomar sit og les dette er altså heilt fantastisk.

Personleg sterke kjensler

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) skriv til Nynorsk pressekontor at Tarjei Vesaas er ein av dei aller største forfattarane Noreg har hatt.

– Han skreiv moderne og nyskapande tekstar om menneske som bevegde seg mellom tradisjonelle og nye tider og verdiar, skreiv om dei eksistensielle kjenslene, om angst, einsemd og frykt, og ikkje minst om sinnsrikdommen i alle menneske, skriv Trettebergstuen.

Ho dreg fram at forholdet mellom karakterane Siss og Unn i «Is-slottet» er noko som står personleg sterkt for ho, fleire år etter å ha lese boka.

– Dei sterke kjenslene dei to jentene imellom og dragninga mellom dei og mot is-slottet – mot krefter i verda vi ikkje heilt klarer å gripe, men som verkar på oss og får oss til å lengte og drøyme. Skildringa av dette i Is-slottet er noko av det beste som er gjort i litteraturen nokon gong.

Vinje, Telemark 196402.
Forfatteren Tarjei Vesaas hjemme på gården sin på Midtbø i Vinje, med nesten alle bøkene han har skrevet. Det mangler fem som han ikke kunne finne i farten. Han har fått Nordisk Råds Litteraturpris 1964 for romanen “Isslottet”.
Foto Aage Storløkken / Aktuell / NTB / NPK

Debutantpris

I 1964 blei Tarjei Vesaas tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for «Is-slottet». Med pengane han fekk frå prisen stifta han «Tarjei Vesaas’ debutantpris» til årets norske romandebutant.

– Han har openbert vore viktig for norsk litteratur og for utviklinga av det nynorske språket. Han var òg opptatt av etterveksten i litteraturen, og derfor er det slik at ein av dei gjævaste litteraturprisane vi har, ber namnet hans, skriv Trettebergstuen.

Tore Renberg fekk debutantprisen for «Sovande floke» i 1995. Andre forfattarar som har fått debutprisen er Lars Saabye Christensen, Roy Jacobsen, Carl Frode Tiller og Helga Flatland.

Fleire forfattarskap støvar ned – nokre få overlever

Renberg reknar med at fleire av hans medelevar på ungdomsskulen syntest det var forferdeleg kjedeleg å lese Vesaas, medan om lag 15 prosent fekk liva sine forandra.

– Eg har tenkt at han appellerer til dei som går til litteraturen for det språklege, ikkje berre på grunn av sak. Dei som er glad i Vesaas er glad i han for måten han sa ting på.

Det var Vesaas som lærte Renberg at litteratur kan vere ein verkstad. I sin eigen forfattarskap meiner Renberg at språk og meiningar er sterkt forma av Vesaas sin vilje til å bryte med normalprosa.

– Der er mange klassiske forfattarskap som støvar ned. Slik skal det vere, men det gjer det til ei endå større bragd at vi framleis er begeistra for det han skreiv. Slikt er sjeldan, seier Renberg. (©NPK)

Fakta om Tarjei Vesaas

* Fødd 20. august 1897

* Debuterte i 1923 med romanen «Menneskebonn»

* Skreiv til saman 23 romanar, fire novellesamlingar, seks diktsamlingar og seks skodespel

* Er mest kjend for blant anna romanane «Det store spelet», «Kimen», «Fuglane» og «Is-slottet»

* Første nordmann som blei tildelt Nordisk råds litteraturpris. Det skjedde i 1964 for romanen «Is-slottet»

* Døydde 15. mars 1970
Kjelde: Store norske leksikon

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Jan Olav Fretland er kurshaldar for komande kurshaldarar i kurset På sakslista. Foto: Samlaget og montasje

Kurs: Vil du bidra til å gjera kommunane betre på klarspråk og nynorsk?

Velkommen til kurs! Me skal bruka to dagar på å gå gjennom viktige reglar og råd for den som skal kursa offentleg tilsette. Hovudmålet med...

Lanserer ny og betre nettside for nynorske bøker

Nettsida nynorskbok.no er blitt oppgradert slik at det skal verte enklare å få oversikt over gode bøker på nynorsk. Nynorskbok.no er eit tilbod frå...

Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking 

Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i  Noregs forskingsråd. Ibsen og Bjørnson opna den...

Ottar Grepstad med ny bok om bøker

Forfattar Ottar Grepstad kjem med boka Bokhistorier om bok- og forlagshistorie. – Bokhistorier er eit essayistisk og leksikalsk overflodshorn om bøker, forlag og forfattarar i...