Heim Nyhende Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære TV-serien Språksjov, Linda Eide.

Ho er ikkje ein kjendis som plaprar lett i veg om korleis det var å koma ut av eit visst skåp, men for første gong slepp Linda Eide ein annan journalist inn.

Inn i klesskåpet sitt, altså. For å snakka om ”skjortemysteriet”.

– Folk er utruleg opptekne av skjortene mine. Eg får stadig respons, spørsmål eller tips om mønster folk trur eg vil lika. Enkelte sender meg også retro-plagg frå eigne skåp, eller noko dei har funne på loppemarknader, fortel den populære Språksjov-programleiaren.

Heime i Bergen heng den italienske originalen, saman med eit utval av dei om lag 50 fargemønstra skjortene som vart varemerke for det som no er laurdagsunderhaldning på NRK. Linda dreg fram ei skjorte i yndlingsfargen oransje, enno jomfrueleg urørd av kamerablikk og studiolys. Stoffmønsteret i skjortene varierer veldig, men sjølve modellen er den same strenge, klassiske med store snippar. Nesten uniformsprega.

– Ja, du kan vel seia skjortene er vorte ein slags jobbuniform for meg. Diverre.

– Diverre?

– Ja, for dette er jo ein stil som er vorte min eigen, og som eg trivst veldig godt i. Alle skjortene blir til ved symaskina til mi kjære og dyktige brordotter Guro Eide, som er utdanna skreddar. Men no strevar eg med å bruka desse plagga privat, for når eg tek dei på kjennest det som om eg er på jobb uansett, seier Linda.

Linda Eide og kona Elena Schough innreidde leilegheita med kraftige oransje veggar og interiørinnslag i 2006, og yndlingsfargen er også sterkt til stades på de elles nøytrale kjøkenet. – Eg har aldri skjøna meg på folk som seier at ein må vera varsam med for sterke fargar på veggar eller møblar, for ”det er så lett å gå lei, best å velja noko kjedeleg”. Foto: May Grethe Lerum / NPK

Mamma-prat vart teater

Skjortene blir nok uansett ikkje hengjande og støva, for språksjov-sjefen er mykje på jobb.

– Fritid er det ikkje så mykje av, sjølv om det no er sommarpause frå innspelingane. Eg med fleire har kjøpt den gamle kapellan-bustaden i Voss, den skal bli eit kultursenter og treng mykje dugnad og restaurering. Eg skal også jobba med ei framsyning til Vossajazz-jubileumet neste år, der eg ser på jazzhistoria gjennom språkbriller. I tillegg lever jo fleire av mine samarbeidsprosjekt og framsyningar vidare, seier Linda.

Eitt av desse er stykket ”Oppdrag Mottro”, som etter to månadar på Det Vestnorske Teater i Bergen, og turné på Vestlandet no landar to veker i september på Det Norske Teatret i Oslo. Framsyninga er eit annleis morsportrett basert på telefonsamtalar med Mottro gjennom ti år.

– Mor mi, eller ”Mottro” på mi dialekt, er ei no-nonsens-dama som har mykje klokt å koma med, utan at ho har noko mål eller interesse av å framstå som klok eller smart. Ho er seg sjølv og svarar rett frå si eiga lever, for å seia det slik. Eg var vel som dei fleste, det tok tid før det gjekk det opp for meg at ho faktisk hadde hatt eit liv også før eg vart fødd. Det er fint å høyra at folk blir inspirerte av framsyninga, og vil bli meir kjent med si eiga mor og hennar historie, seier Linda.

– Så du har spurt mor di om det meste?

Jadå, eg har grave og spurt. Men eg veit jo at det finst historier der, slike som ho ikkje har fortalt, eller som eg ikkje har villa fortelja. Oppdrag Mottro er ikkje utleverande av typen Knausgård, det er på ein måte ikkje Mottro ein skal sitja att å tenka på, men meir generelt historia til våre foreldre, historier me ikkje ser fordi rolla og fenomenet forelder står i vegen for å sjå heile personen.

– Finst det noko ein ikkje bør spørja mor si om?

– Det trur eg ikkje, alt kan spørjast om. Men eg meiner vel at det er ein kvar mor og far sin rett å svara på det ein vil, og ikkje meir. Det må den som spør respektera.

Riksmålsforbundet sin pris frå 2020 heng sentralt i stova, ho seier den var såpass uventa at den også heng høgt. Journaliststudent Linda Eide skreiv i 1990 hovudoppgåva “Er det språktvang i den frie pressa?” om nynorsken si omstilling i NTB og åtte riksdekkande Oslo-aviser. Linda har alltid vore opptatt av at nynorsken skal vera eit levande skriftspråk, som kan brukast over alt Foto: May Grethe Lerum / NPK

Kan ikkje fordra «kjendis»

Språksjov-Linda reiser også kringom med ei lita framsyning om forfattaren Jon Fosse, «Fosse for dumskallar», saman med Sjur Hjeltnes.

– Det Norske Teateret ville ha ei slik litt uhøgtidleg innføring i Fosse sitt liv og virke, til Fosse-festivalen i fjor. Då måtte eg endeleg gi meg Fosse i vald, og jo meir eg har lese, di meir har eg blitt gripen. Så no er eg Fosse-frelst, eg òg!

Før Linda landar med Mottro på det Norske Teatret skal ho på turne med Herborg Kråkevik. Framsyninga «Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik» gjekk for fulle hus på Det Vestnorske Teateret i vår, og no blir det turne i regi av Teater Ibsen.

– Eg trudde nesten det var ein tulletelefon då sjølvaste Herborg Kråkevik ringde og ville me skulle laga dette saman, seier ho, og røpar at også programleiarkjendisar kan bli litt stjernesjokka.

– Leif Ove Andsnes! Adam Douglas! Ole Edvard Antonsen! Ingebjørg Bratland! Dette er jo slike flinke og kjende folk eg før knapt ville våga å snakka med – og no står eg der med blokkfløyta mi og får spela med dei. Det er stas, seier ho, og viser med heile kroppen at ho meiner det.

Men ordet ”kjendis” vil ho ikkje kalla nokon av desse, heller ikkje seg sjølv. Ho veit at folk hugar henne som kåsør og journalist frå radio i mellom anna Norgesglasset, og at fleire kjende namnet Linda Eide då ho debuterte på tv med serien Norsk attraksjon. Der sprang ho mellom anna 12 mil på tv til ære for Mensen Ernst, og testa rådet hans om at det var lurt å drikka vin under vegs på lange løp.

– Raudvin går bra. Men ikkje kvit, den er som sider og set seg i føtene, er hennar knappe kommentar i ettertid.

Då språksjovet vart laurdagsunderhaldning for heile familien, rykka Linda Eide opp i A-klassen av kjendisar.

– Eg kan ikkje fordra ordet ”kjendis”, og eg vil ikkje vera ein! Eg er ein hardtarbeidande journalist, seier ho. Men å bli attkjend kan ho ikkje berre mislika.

– Å bli attkjend betyr trass alt at fok ser programma mine. Det er litt ekstra kjekt når folk i 20-åra kjem med skinande augo og vil ta selfiar, fordi dei har gode minner frå dei var små og såg på tv saman med familien på laurdagskvelden. Ungdom er også nostalgiske, konkluderer ho nøgd.

Bortsett frå kjendis-ordet har Linda Eide nesten påfallande få ordlege kjepphestar, i alle fall når det kjem til rett og galt og grammatikk-pirk.

– Skal det pirkast bør det i alle fall pirkast med eit smil, seier ho.

Frå taparar til vinnarar

– Min geniale makker, Halvor Folgerø, kom ein dag opp med det fantastiske omgrepet ”petimeter per sekund.” Det er den ekstremt korte tida som går frå vi seier noko litt unøyaktig på tv, til nokon har kasta seg over tastaturet og sendt ein respons, fortel ho. Men respons-delen av programmet hennar er ikkje ei krigssone for fekting med raudblyantar.

– Mest av alt får me masse heiarop og finurlege spørsmål om ord og utrykk og kommentarar som syner folk si glede over språket.

Dette er Linda si fanesak.

– Eg kan sjå gjennom fingrane med skrivefeil og kommablemmer. Folk som ikkje har språk som yrke, må ikkje bli tatt av raudpennane og bli redde for å bruka språket. Då kan ein bli passifiserte av språket, slik språket i det offentleg og i forretningslivet no gneg seg seg inn overalt, seier ho.

Linda tykkjer abstraksjonar og omskrivingar er noko herk.

Språkets verste fiende

– Når Vy køyrer tog, kan dei finna på å seia at dei produserer ei reiseoppleving, eller endå verre, at dei produserer mobilitetsmuligheter. Slike stupide eufemismar og forskjønnande omskrivingar er etter mi meining språkets verste fiende, seier Linda.

Språkets beste forsvararar finn ho helst mellom lekfolk landet over, dei som er engasjerte og opptekne av både sitt eige og andre sine språk og målformer.

– Det aller finaste no er å sjå korleis dialektbruken har fått ny status og oppsving. Mange dialektbrukarar vart uglesedde, mobba og undertrykt så lenge at nokre kunnskapen nesten forsvann. Men no er det dei som sit med slik spesialkunnskap om ord og språk frå heimstaden sin som er vinnarane. Folk er interessert, og du glitrar når du kan forklåra kva eit ord tyder eller korleis eit omgrep blir brukt akkurat der du kjem frå, seier Linda.

Ho har sjølv opplevd å bli meir mobba for dialekta enn for den homofile legninga si. Gjestene hennar er aldri språkekspertar, den delen står professor Gunnstein Akselberg for, like naturleg som Sjur Hjeltnes leiar alle musikalske innslag. Nokre gjester er kjende musikarar, artistar og forfattar, men Linda inviterer alltid også kallar FPK-gjester.

– FPK står for Følt På Kroppen, altså gjester som gjennom den dei er og kjem frå er ekspertane. Skal me snakka om den nederlandske g-lyden, er det ein nederlendar me snakkar med, skal me snakka om stamming, må det vera med ein som sjølv stammar, seier ho.

Ber telefonseljarar ta kontakt

– Vi har fleire FPK-gjester på ønskjelista for neste sesong. Berre ein med dysleksi kan fortelja inngåande om korleis det er. Eg vil også finna ein spanjol som kan seia noko om desse spesielle lespe-lydane dei har. Og så veit vi at det finst folk eller familiar med si heilt eigne personlege dialekt, dette hadde det vore moro å vita meir om. Men mest av alt drøymer eg om å få snakka godt og lenge med ein telefonseljar, seier ho.

– Eh … då er du kanskje den einaste …?

– Nei, men tenk: Telefonseljarar snakkar med alle slags folk, og sjølv om dei kan ha retningsliner og manus må dei heile tida bruka eit språk som hjelper dei mot målet om å selja. Dei må tilpassa seg og lytta, vera språkleg fleksible. Det blir spanande å finna rette personen, så telefonseljarar må gjerne ta kontakt, seier Linda.

Journalisten lovar å spreia bodskapen.

– Men ikkje ring, legg Linda kjapt til.

– Send ein e-post, så ringjer eg. Når det passar meg.

——————————

Namn: Linda Eide

Alder: Fødd 10. februar 1969

Sivilstand: Gift med Elena Schough

Vart fødd her: Voss

Yrke: Journalist, programleiar og forfattar

Bil: Har ikkje. Har vore billaus sidan 1996, og har ikkje sakna det å eiga bil ein einaste time sidan.

Hobby: Det vekslar. Men satsar på at fisking og sykling varar evig, og blokkfløyta så klart. Den må aldri bli jobb. Og så har kryssord nesten tatt litt overhand dei tre siste åra.

Noko ingen veit om deg: Ja, det skulle nett tatt seg ut at eg sa det til Nynorsk Pressekontor som har abonnentar og lesarar over heile kloden. Nei, her gjeld det å halda godt kjeft. Etter dette intervjuet veit folk alt for mykje om meg som det er.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...