Heim Nyhende Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den store innsatsen ho har gjort for nynorsk barnelitteratur.

– Guri Vesaas har knytt til seg forfattarar og illustratørar med vilje og evne til fornying og modernisering – både norske og utanlandske – og såleis vore med på å byggje barnelitteratur med høg kvalitet, på nynorsk. På denne måten har ho styrkt den litterære sjølvtilliten til unge nynorskbrukarar, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Ho har ikkje berre gjort den nynorske barnelitteraturen betre, hennar bidrag har løfta kvaliteten på heile den norske barnebokheimen.

Juryen trekkjer også fram at Guri Vesaas er ein drivande god omsetjar og at ho under namnet Hanna Midtbø har omsett om lag 50 barnebøker til norsk.

Prisvinnaren er strålande fornøgd med at nynorsk barnelitteratur på denne måten blir lyfta fram og aktualisert.

– Me har nyleg fått offentleg slått fast at det kjem ut altfor få barnebøker på nynorsk. Kanskje tida er inne for at det offentlege satsar på dei nynorske forfattarane slik at me kan få ny vekst og bløming innan barnelitteraturen, seier ho i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Tett mellom høgdepunkta

Utdelinga av Storegutprisen er ei av mange høgdepunkt under Litteraturdagane 25.–28. august i år.

– Det blir eit variert og spennande program som er Tarjei Vesaas-jubileet verdig, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Petra Helgesen.

Vesaas-året blir markert med både føredrag, film og musikk under festivalen.
Litteraturdagane presenterer også fleire andre forfattarar, og publikum kan mellom anna gle seg til samtalar med Frode Grytten og Kjersti Rorgemoen, Tore Kvæven og Victoria Kielland, og høgtlesing med Hildegunn Riise, Astrid Versto og Olav Vesaas. I samband med skeivt kulturår blir det også føredrag med Per Esben Myren-Svelstad om å lese litteratur med skeive briller.

Nytt av året er eit barneprogram på Vinjesenteret på sundagen, med illustratør og forfattar Marianne Gretteberg Engedal.

Av musikalske innslag blir det mellom anna konsertar med Frode Grytten Beat Band, Aasmund Nordstoga og ein songgruppe frå Vinje.

– Som ny leiar er det fantastisk å få kome til duk og dekt bord på denne måten. Venelaget, programrådet og Nynorsk kultursentrum har gjort eit strålande førearbeid, og no, med god hjelp frå mange lokale krefter, er me på Vinjesenteret klare til å gjennomføre, seier Helgesen, som starta som arenaleiar ved Vinjesenteret 1. mai i år.

Ynskjer fleire frivillige

Kvart år gjer frivillige ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje.

– Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier Helgesen og oppfordrar interesserte til å melde seg. Festivalen treng mellom anna hjelp til billettvakter, servering, teknisk hjelp, parkeringsvakter, opp- og nedrigg, sjåfør, pynting, rydding og vertskap.

– Me treng omlag 40 personar som blir med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me er opptekne av at dei som melder seg som frivillige får gode opplevingar i godt fellesskap, og frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte, seier Helgesen.

Litteraturdagane går føre seg på Vinjesenteret, Vinjar og i Edland frå torsdag 25. til sundag 28. august.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...