Heim Nyhende Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål.

Molde vidaregåande har teke nokre strukturelle grep for å gjera det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt.

Torsdag 23. mars frå kl. 14.30–15.00 kan du møta Celia Berg (t.v) og Marianne Anderson som arbeider ved Molde vidaregåande. Grepa skulen har tatt, er verken dyre eller omfattande, men vitnar om ei leiing som er medviten ansvaret dei har for å gje elevane gode vilkår til å halda fram som nynorskbrukarar.

Nettseminaret er gratis, og du kan melda deg på her: https://nettskjema.no/a/325902

Ein ny rapport om språkbyte har samla funn frå ei rekkje nyare studiar om språkbyte frå nynorsk til bokmål. Funna frå studiane viser at det ofte er manglande struktur og tilrettelegging som gjer at nynorskelevane vel å byta språk når dei kjem til ein vidaregåande skule der dei er i språkleg mindretal.

Les meir om grepa Molde vidaregåande har gjort her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...