Heim Nyhende Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste Vangsgutane-lesarar lurer på om Sigrid Vangen er klar for å gifte seg med Sterk-Ola Bakken …

I juleheftet Vangsgutane for 2022 skjedde det som mange seier dei har venta på i mange år, medan andre igjen reagerte med vantru. Sterk-Ola Bakken gjekk ned på kne og fridde til Sigrid Vangen.

Tekstforfattar Kjartan Helleve, som også eig og driv Fonna Forlag, seier at han har fått mange tilbakemeldingar på frieriet, og at dei aller fleste er positive. Mange har gitt uttrykk for at det har lege i lufta lenge, seier han til Nynorsk pressekontor.

Vangsgutane er historia om Sigrid Vangen, som vart enkje i ung alder og som sat att på småbruket med gutane Steinar og Kåre, og folk rundt dei i Todalen på Nordmøre. Teikneserien om dei farlause, men snille og hjelpsame gutane frå Vangen har vore folkelesnad her i landet sidan 1941.

Eigar av Fonna forlag og utgivar av Vangsgutane Kjartan Helleve. Han meiner Larris har vore misforstått. Foto: Erik Grov

Nytt og gammalt

Fonna gir ut juleheftet kvar jul, og dei siste rundt 20 åra har det vore ei blanding av opptrykk av gamle historier og nyskrivne og nyteikna soger. Og det har skjedd ein god del med figurane som Leif Halse skapte som ei motvekt til den amerikanske teikneserien Knoll og Tott.

Læraren og forfattaren Leif Halse meinte dei rampete amerikanske tvillingane hadde dårleg innverknad på den oppveksande slekt i Noreg etter krigen, og han ville skape eit univers der det å vere snill, arbeidsam og hjelpsam var dei viktigaste verdiane.

Steinar og Kåre Vangen var uendeleg gode, medan motsatsen Larris Skjorhagen var den ultimate dritsekken. Og ikkje minst den slaskete faren hans, Martin. Enkja Sigrid var sterkt bunden til heimegarden og gutane sine, medan ungkaren Sterk-Ola Bakken var den gode hjelparen frå nabogarden. Og Steinar og Kåre hamna på stadig nye eventyr, både frivillig og ufrivillig. Larris var ugagnskråka i bygdeidyllen.

– Men etter kvart så ser vi at Halse også gjer Vangsgutane litt mindre prektige og Larris litt mindre fæl. Og den utviklinga har halde fram også i dei nye historiene. Vi ser at Larris seinare også har vore tolka som eit offer, i alle fall at han er misforstått, fortel Kjartan Helleve.

Han gjer det klart at det er mange klassiske historier å ta av, slik at dei mange trufaste lesarane av Vangsgutane får glede av dei gamle sogene i mange år framover.

Dei siste åra har Ivan Andreassen stått for teikningane, medan det har vore ulike forteljarar. Nils Nordberg skreiv teksten i fleire år, men no har Kjartan Helleve teke over som forteljar. I dei gamle historiene var Jens R. Nilssen teiknar, medan Leif Halse var forteljar.

Framsida av Vangsgutane jula 2022. Teikning Ivan Andreassen. Foto: NPK

Vangsgutane på sokkel

– Hendingane gjekk i stor grad føre seg i Todalen, men det vart eigentleg meir skildring av eit bygdemiljø enn berre historier frå Todalen. Teiknaren Jens R. Nilssen vitja faktisk aldri nordmørsbygda, seier Helleve.

Like fullt står Vangsgutane sterkt i Todalen, og Steinar og Kåre Vangen har hamna på sokkel i bygda.

Helleve fortel at dei sel tett opp under 20.000 hefte av Vangsgutane kvar jul, men at han enno ikkje har fått dei endelege tala for 2022. Og det artige er at dei ikkje sel godt berre i nynorsk område, men faktisk stort sett over heile landet.

– Staden vi selde flest julehefte i 2021 var i Obs-butikken på City Syd i Trondheim. Vi har også svært gode tal frå den største bokhandelen i landet, Tanum på Karl Johans gate i Oslo. Eg trur det er rom for vekst i åra som kjem. Tanken er at vi skal få endå fleire salsstader i tillegg til juleheftehyllene i butikkar og kioskar. I 2022 distribuerte vi blant anna mange hefte gjennom bokhandlane, seier Helleve.

Han ser ikkje bort frå at det blir aktuelt å ta opp att den gamle tradisjonen med å selje julehefte på dørene.

Det var overraskande for Helleve at Vangsgutane står såpass sterkt i Trøndelag, eit fylke som i dag ikkje har ein einaste kommune med nynorsk som opplæringsmål.

Sterk lojalitet

– Det er tydeleg at lojaliteten til Vangsgutane er sterkare enn motstanden mot nynorsk, skyt han inn. Helleve fortel at han først trudde Vangsgutane var eit vestlandsfenomen, men at det har vist seg at dei har lesarar over heile landet.

Men tilbake til det overraskande frieriet i juleheftet for 2022. Faste Vangsgutane-lesarar lurer på om Sigrid Vangen er klar for å gifte seg med Sterk-Ola Bakken.

– Eg må vedgå at eg har fått litt kalde føter, og det er slett ikkje sikkert at Sigrid sitt svar kjem alt i år. Det blir i alle fall ikkje bryllaup i 2023. Det er slik i teikneseriar. Det har vore uavklart lenge mellom Donald og Dolly også, til dømes, seier Kjartan Helleve.

Det er mange uavklarte spørsmål også i Vangsgutane. Er Sigrid Vangen i fertil alder? Kan Steinar og Kåre få småsysken? Blir det samanslåing av smågardane Bakken og Vangen? Vil Breiset-gubben framleis vere patriarken i bygda?

Korleis blir det med den reiseglade fotografen og journalisten Tarald Turist? Eller med dei to halvkylpertane Kure og Klomp? Eller påskegjesten Flirop? Eller kva med lokaloppgjeret i fotball mellom Tov og Søya?

Vangsgutane vil nok halde oss i ande i jula i mange år framover. Det er nok å ta av.

Fakta om Vangsgutane

* Norsk teikneserie, først på trykk i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940.

* Har kome som julehefte sidan 1941.

* Forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag bad lærar og forfattar Leif Halse om å skape eit bygdeunivers med figurar som kunne vere ei motvekt til Knoll og Tott.

* Har vorte ein norsk klassikar med både spenning og humor. (Kjelde nsl.no)

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...