Heim Nyhende Grenselaust festspelprogram i Språkåret 2013

Grenselaust festspelprogram i Språkåret 2013

Tre unge, talentfulle festspelforfattarar har selskap av mellom andre Vamp og Are Kalvø i eit festspelprogram som strekkjer seg både over landegrenser og norske språkgrenser i jubileumsåret for Ivar Aasen.

 

– I samband med 200-årsjubileet for Ivar Aasen, ser vi fram til å feire både historia og den nynorske framtida, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

Årets tema, Grenselaust, er inspirert av Språkåret 2013, ei nasjonal feiring av alle språk i Noreg, med bakgrunn i Ivar Aasen sitt 200-årsjubileum. Ivar Aasen og Språkåret er synlege i mange programpostar. Språkforskar Arne Torp forklarar kvifor Noreg er dialektparadiset i årets minneforedrag, og Ottar Grepstad held det femte og siste foredraget i serien «Dette er Ivar Aasen». Språkforskarar og forfattarar diskuterer nynorsk og bokmål, omsetjing og dialektar. I Språkåret blir både opningshøgtida og festspelgudstenesta tolka for døve. Festspeldiktarar I år kan ein møte tre unge festspeldiktarar. Lars Petter Sveen, Guri og Sigrid Sørumgård Botheim skal møte publikum på ulike arenaer og i ulike roller. Kjartan Fløgstad er laurdag i samtale med Lars Petter Sveen. Forfattaren Jóanes Nielsen frå Færøyane, som er nominert til Nordisk råds litteraturpris 2013 for boka Brahmadellane, kjem til Festspela saman med mellom andre Ingrid Storholmen, Atle Berge og Sunniva Relling Berg. Vamp er hovudattraksjon på Uteamfiet laurdag kveld. Hekla Stålstrenga frå Nord-Noreg gir publikum sin særeigne lyd, heklamusikken. Gjertrud Jynge og Pål Christian Eggen frå Det Norske Teatret presenterer høgdepunkt frå 60 år med musikalhistorie. Henning Sommerro rundar av årets Festspel med Neonlys på Ivar Aasen saman med Siv Aurdal under Aasen-stemnet søndag ettermiddag.

Årets stemnetalar er Are Kalvø, som er aktuell med NRK-serien og boka Ny grunnlov. Meir for born og unge – I år er vi glade for å kunne presentere fleire nye arenaer for born og unge. Med boka til Atle Berge, «Keeperkongen», kombinerer vi litteratur og idrett på Volda stadion, seier Munch. I forkant av Festspela blir det arrangert både ein skrivekonkurranse og ein dokumentarfilmverkstad. Ein ny programpost for dei yngste i år er Festspelboka for born. Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen og blir arrangerte i Ørsta og Volda siste helga i juni kvart år. I år skjer dette frå torsdag 27. juni til søndag 30. juni. Programmet inneheld meir enn 40 arrangement, for alle aldersgrupper. (NPK)

 

Førre artikkelNM i Facebook
Neste artikkelMålpris til Kari Bjørke

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...