Heim Nyhende Gudbrandsdalsmat fekk Nynorsk næringslivspris

Gudbrandsdalsmat fekk Nynorsk næringslivspris

Matprodusentar frå Gudbrandsdalen heidra for språkbruken.

Gudbrandsdalsmat er eit andelslag som sel og distribuerer varer frå 25 matprodusentar i Gudbrandsdalen, og bruker nynorsk i all samla marknadsføring og informasjon. Produsentane kjem frå Lillehammer i sør til Skjåk i nord, eit område som femner både bokmål og nynorsk.

– Med sin medvitne språkbruk er Gudbrandsdalsmat med på å styrkje bruken av nynorsk i Gudbrandsdalen. Gjennom oppskrifter og produktark når dei ut til sluttbrukarar over heile landet, og all marknadsføring på den nasjonale marknaden synleggjer nynorsk som eit godt næringsspråk, skriv juryen i si grunngjeving.

Ein eigen jury avgjer kven som får prisen etter ein runde der alle kan koma med framlegg. I år er juryen Nina Refseth (Oslo), Nina Berge Rudi (Sør-Fron), Hilde Havro (Oslo), Øystein Skjæveland (Kvinnherad) og Magne Aasbrenn (Fredrikstad). Juryen håpar prisen er til inspirasjon til at fleire bedrifter i Gudbrandsdalen blir stolte av nynorsken og tek han aktivt i bruk.

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris stifta av Noregs Mållag. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...