Gosen skole i Stavanger og Trøndelag Teater fekk i dag Gullsekken – den kulturelle skulesekken sin eigen pris.
Gosen skole i Stavanger fekk prisen for arbeidet med den årvisse elevrevyen Gosenrevyen, medan Trøndelag Teater fekk prisen for beste produksjon for oppsettinga “Kulde”.
Prisen vart delt ut på Hamar i ettermiddag, og båe vinnarane fekk 100 000 kroner kvar til vidare arbeid med kultur.